Ramot i Golanhøgdene

Ramot (hebraisk רָמוֹת, tyder «høgder») er ein moshav og israelsk busetjing nær austbreidda av Genesaretsjøen vest i Golanhøgdene. Han er ein del av Golan regionale kommune. Namnet «Ramot» kjem av plasseringa på to åsar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[1]

Ramot
רָמוֹת
moshav
Namneopphav: «høgder»
Region Golanhøgdene
Distrikt Nord distrikt
Kommune Golan regionale kommune
Koordinatar 32°50′58″N 35°40′03″E / 32.84944°N 35.66750°E / 32.84944; 35.66750
Folketal 274  (2006)
Grunnlagd 1969
Kart
Ramot i Golanhøgdene
32°50′58″N 35°40′03″E / 32.849444444444°N 35.6675°E / 32.849444444444; 35.6675
Wikimedia Commons: Ramot, Golan Heights

I 1993 budde det 360 innbyggjarar i Ramot fordelt på 71 familiar. Av desse var 180 barn.

Busetjinga ligg kring 2 km aust for Genesaretsjøen og 7 km nord for Ein Gev.

Historie endre

Moshaven vart grunnlagd i 1969. Nybyggjarane budde opphavleg i husa i den fråflytta landsbyen Skopye, og flytta etter to år til ein mellombels stad, før dei i 1973 slo seg ned på den noverande plasseringa til Ramot.

Økonomi endre

Økonomien til samfunnet er basert på dyrking av bananer, mangoar, palmer, guava og avokado, blomar og kyllingavl og meieridrift.

Turisme endre

Ramot er ein populær feriestad og her finst fleire hotell.[2].

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre