Ranch (uttalt ransj eller rænsj) er ei nemning som er vanleg i USA og Mexico for ein storgard der ein driv med kveg eller annan buskap.

Ein ranch i Montana i USA.

Ordet «ranch» stammar frå det spanske ordet rancho som har grunntyding messe (på eit skip), og har overførte tydingar som fellesmåltid, felleshushold, hytte eller ein stor krøterfarm.[1]

Omgrepet «ranch» blir stort sett berre brukt i Nord-Amerika. I Sør-Amerika viser i staden «rancho» til ein mindre gard, medan storgardar ofte blir kalla for «estancia».[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. ranch - Det Norske Akademis ordbok
  2. Tell, Hjalmar (6. november 2009), «Ett annat liv på estancian», Kristianstadsbladet (på svensk), henta 10. oktober 2022 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Ranch