Ras el Matn
Ras el Matn, Ras el Metn eller Ra's al Matn (arabisk رأس المتن) ein by og kommune i Libanon i Qadaa Baabda (Baabda distrikt) i Libanonfjella guvernement. Byen har kring 10 000 innbyggjarar som er drusarar og ortodokse kristne.
Ras el Matn | |||
رأس المتن | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Baabda distrikt | ||
Høgd | 800 – 1 000 moh. | ||
Koordinatar | 33°51′N 35°40′E / 33.850°N 35.667°E | ||
Areal | 13 km² | ||
Folketal | 10 000 (2009) | ||
Folketettleik | 769 / km² | ||
Tidssone | GMT +2 | ||
Ras el Matn 33°51′00″N 35°40′00″E / 33.85°N 35.666666666667°E | |||
Kart som viser Ras el Matn.
| |||
Wikimedia Commons: Ras el-Matn |
Etymoglogi
endreNamnet tyder «toppen» (ras) av «skuldra» (el matn). Det skildrar plasseringa på toppen av ei skulder av Libanonfjella. Det veks mange furutre kring byen.
Stad
endreRas El Matn er ein by i Libanon på vestsida av Libanonfjella, i øvre Matn (Al Matn al A'la) mellom 800 og 1000 meter over havet. Frå byen har ein flott utsyn over vestlege delar av el Matn og Middelhavet. Frå høgda kan ein sjå utover dalen til byane Dhour Chweir, Baabdat, Broumana og Beit Mery
Byen ligg 29 km frå den libanesiske hovudstaden Beirut.
Folkesetnad
endreByen har nesten 10 000 innbyggjarar som er drusarar og ortodokse kristne.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ras el Matn» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Ras al Matn kvinnesamfunn Arkivert 2006-04-26 ved Wayback Machine.
- Bilete av Karim Salha Arkivert 2014-12-21 ved Wayback Machine.