Rasletinden

(Omdirigert frå Rasletind)

Rasletind er eit fjell i den austlege delen av Jotunheimen. Toppen av Rasletinden markerer grensa mellom kommunane Vang i sør og Vågå i nord, begge i Innlandet fylke.

Rasletinden
fjell
Rasletind sett frå søraust
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Vågå, Vang
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 105 moh.
Primærfaktor 110 m
Koordinatar 61°23′43″N 08°41′58″E / 61.39528°N 8.69944°E / 61.39528; 8.69944
Kart
Rasletinden
61°23′43″N 8°41′52″E / 61.395277777778°N 8.6977777777778°E / 61.395277777778; 8.6977777777778
Wikimedia Commons: Rasletinden

Fjellet har to toppar, Øystre Rasletind og Rasletind. Begge ligg nær Rv51. Fjelltoppene er nokre av dei lettast tilgjengeleg fjelltoppane i Noreg som er høgare enn 2000 meter over havet. Fjellet er òg ein av dei sørlegaste 2000-meterane i Noreg. Det er det 118. høgaste fjellet i Noreg av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Fjellet består av steinarten gabbro. Gabbroen i Rasletind er av den normale typen som er grå med svarte flekkar.

Utsikta frå fjelltoppen er ein av de beste i Noreg. På ein klår dag er det mogeleg å sjå nesten heilt til Oslo. Rondane er synlege mot aust-nordaustleg retning, og Dovrefjell mot nord. Sørover kan ein sjå Øystre Slidre, Bitihorn, og innsjøane Vinstri og Bygdin.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Rasletind» frå Wikipedia på bokmål, den 23. april 2008.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
      • Norske fjelltoppar over 2000 meter av Morten and Julia Mortensen - Glittertind forlag
      • Jotunheimen bind 1 av Erik W. Thommesen and Gunnar Wigerust - Valdres forlag
      • Naturgeografi av Hans Christian Kullerud og Hasse Raastad - Aschehougs forlag
  Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.