Rasmus Buset
Rasmus Kornelius Buset (1. mai 1891–1. april 1965) var ein norsk lærar og museumsgrunnleggjar frå Vartdal på Sunnmøre. Han tok lærareksamen i Volda i 1915, og gjekk lærarhøgskulen i 1924. Buset var lærar i Ålesund frå 1923, og skuleinspektør i perioden 1948-58.
Rasmus Buset | |
Fødd | 1. mai 1891 |
Død |
Rasmus Buset var svært sentral i arbeidet med å skipe Sunnmøre Museum i 1931. Han var styreformann og leiar for museet 1934-48.
Rasmus Buset fekk kongens fortenestmedalje i gull i 1948.
Saman med Olai Bjørlykke gav han ut Frå gamal og ny tid på Sunnmøre i 1934.
Buset busette seg i Volda-byen då han vart pensjonist, og døydde der.
KjelderEndra
- Edvard Molvær:Føregangsmannen for fortida i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000