Ivar Grimstad (25. februar 192217. mars 2006) var ein journalist, lærar, forfattar og kåsør frå HareidSunnmøre. Arne Grimstad er bror hans.

Ivar Grimstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. februar 1922
Død

17. mars 2006 (84 år)

Yrke skribent
Språk norsk

Liv og gjerning endre

Grimstad voks opp i eit kulturinteressert miljø på Grimstad i Hareid. Han var elev ved Møre Folkehøgskule i Ørsta vinteren 1938-39. Noko etter gjekk han lærarskule i Nesna, tok eksamen der i 1943. Fyrste tida etter lærarskulen var han lærar i Sjona på Helgeland. 1945-47 var han journalist i Sunnmørsposten. Åra 1947-52 var han lærar på Skarnes i Hedmark. Deretter var Grimstad åtte år redaksjonssekretær i Sunnmørsposten. I sitt virke som bladmann la han vekt på å dekke kulturlivet over heile Sunnmøre.

1960 vart han tilsett som rektor ved Møre Folkehøgskule. Denne stillinga hadde han i tjue år. Fyrst og fremst underviste han i språk og litteratur, og i avisarbeid. Mellom anna fekk han starta ei øvingsavis som elevlaget ved skulen gav ut.

Grimstad vart ein kjend og mykje nytta kåsør. I denne kunstforma kunne han nytte seg av sin kjennskap til litteraturen generelt og den lokale replikkunsten særskilt.

Bladmannen endre

Grimstad var aktiv i bladarbeid, også utanom tida som reint yrkesaktiv i Sunnmørsposten. Han var redaktør av Sunnmøre frilynde ungdomssamlag sitt blad Ungdomsvon allereie i 1939. På 1950-talet var han med i skriftstyret for tidsskriftet Frå Bre til Breisund. I 1967 tok han iniativet saman med Ivar Grøvik og Asbjørn Bortne då Jul på Sunnmøre kom i prent fyrste gongen. Dei 31 fyrste årgongane var han med i bladstyret. 1970 var han med å grunnleggje lokalavisa Vestposten, og var redaktør frå 1970-76 og på nytt 1980-88. Før 1976 redigerte han avisa frå Ørsta, etter 1980 flytta han tilbake til Hareid.

Forfattaren endre

Grimstad sine fyrste litterære arbeid kom på trykk i Ungdomsvon, Norsk Barneblad, Nynorsk Vekeblad og For bygd og by frå kring 1940. Han utrrykte seg både i dikt, noveller og i artikkelform. Fyrste boka var ei barnebok, Storvarpet. Ho vart utgjeven i 1947. Størst suksess som forfattar hadde han med dei to bøkene Velsigne kjeften din, prest (1973) og Eg vil ikkje høyre eit vetigt ord (1977). I desse gjenfortel han humoristiske stubbar som syner den sunnmørske humoren og forteljetradisjonen. Den fyrste av desse kom i ny utgåve i 2000.

Organisasjonsmannen endre

Grimstad var formann i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag 1957-61. Åra mellom 1958 og 1966 var han bolkevis nestformann i Noregs Ungdomslag. Han var også aktiv i mål- og fråhaldsrørsla.[1] Partipolitisk engasjerte han seg for partiet Venstre, og var mellom anna med i Ørsta kommunestyre i fleire periodar. Han sat også ei tid i fylkesskulestyret for Møre og Romsdal.

Verk endre

  • Storvarpet. 1947 (barnebok)
  • Nytt skip. Sigrids saga II. 1989
  • Sigrids saga. 1986
  • Reven bak øyret. 1983
  • Drøymaren og brørne hans. 1982
  • Eg vil ikkje høyre eit vetigt ord. 1977
  • Mot eit anna land -. 1974
  • Velsigne kjeften din, prest. 1974
  • Havland. 1968

Kjelder endre

  • Rønning, Roar: Minneord - Ivar Grimstad, i Jul på Sunnmøre 2006

Fotnotar endre

  1. Rise, H. H. (2000). Ivar Grimstad. Vist og gale – i tekst og tale. I Rise, H. H. (Red.), 100 år 100 navn : personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet (s. 88-91). Ålesund: Sunnmørsposten forlag.

Bakgrunnsstoff endre