Rasmus Hidle

norsk politikar

Rasmus Jakobsson Hidle (19. juli 185715. juni 1944) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Sjernarøy i Rogaland. Han var stortingsmann for Venstre i tida før og under fyrste verdskrigen.

Rasmus Hidle

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juli 1857
Død

15. juni 1944 (86 år)

Yrke politikar
Politisk parti Venstre
Rasmus Hidle på Commons

Far hans var gardbrukar på Hidle, og han tok sjølv over farsgarden i 1882. Nokre år tidlegare, skulevinteren 1875-76, gjekk han eit kurs på amtsskulen på Finnøy. Hidle var medlem av heradsstyret i Sjernarøy frå 1886, ordførar i årå 1905-16. Han var elles forlikskommissær i ni år og åstadskommissær i mange år.

Hidle møtte på Stortinget fyrste gongen som varamann frå Ryfylke krins 8. april-6. mai 1907 og på ny 9. mai-5. juni 1908. Også i valperioden 1911-13 møtte han som varamann i tida frå 15. mai til 13. juni 1913. Ved alle desse tre høva møtte han i Vegkomiteen og i Lagtinget i staden for Lars Rasmussen. Perioden 1916-18 var han fast representant for einmannskrinsen Ryfylke, også då han hadde plass i Vegkomiteen.

Kjelder endre