Rasmus Rasmusson Aarflot (22. november 18291. januar 1888) var ein gardbrukar, sparebankkasserar og stortingsmann frå Ekset i VoldaSunnmøre. Han var son av Rasmus S. Aarflot, og yngre bror av Mauritz Aarflot .

Rasmus R. Aarflot
Fødd 22. november 1829
Død

1. januar 1888

Yrke bonde, politikar

Aarflot arbeidde i unge år som typograf på familietrykkeriet Aarflot Prenteverk. Frå 1852 var han gardbrukar på Rotset i Volda. Aarflot kom med i heradstyret frå 1856, ordførar i to periodar, 1858-1859 og 1886-1887. 1854-77 var han den fyrste kasseraren i Volda & Ørsta Sparebank.

Aarflot var 1. varamann til Stortinget perioden 1862-64 for Romsdals amt. Sesjonen 1862-63 møtte han frå 22.10.1862 i staden for Jørgen Olafsen, medlem av justiskomite nr 2. Åra 1871-73 var han 5. representant frå valkrinsen, medlem av personalkomiteen. Ved ei rekke valting vart han kåra til 1.-3.-varamannsplass. Fyrste varamannsplass hadde han for 1865-67, 1868-70 og 1880-82.

Aarflot var medlem av hamnearbeidskommisjonen av 1877, og av væreigarkommisjonen av 1884.

Han døydde i Kristiania (Oslo) nyårsdag i 1888.

KjelderEndra