For andre tydingar av oppslagsordet, sjå filmen Ratatouille.

Ratatouille (uttalt rata'toj) er ei grønsakstuing frå Provence i Frankrike. Retten blir laga av mellom anna aubergine, lauk, tomat, paprika, squash, kvitlauk og urter som basilikum eller timian. Ingrediensane blir freste og småkokte i olivenolje.

Ratatouille

Ratatouille kan serverast varm eller som tilbehøyr til kjøt eller fisk eller som hovudrett med ris, potet eller brød som tilbehøyr.

GalleriEndra

Ratatouille og liknande rettar.

KjelderEndra