Svartrotte

pattedyrart
(Omdirigert frå Rattus rattus)
Svartrotte
Svartrotte
Svartrotte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: RE Regionalt utdøyddUtbreiinga av svartrotte
Utbreiinga av svartrotte
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Musefamilien Muridae
Slekt: Rotte Rattus
Art: Svartrotte R. Rattus
Vitskapleg namn
Rattus Rattus

Svartrotte, Rattus rattus, er eit pattedyr i musefamilien. Ho er ein mindre slektning av brunrotta. Svartrotta kom opphavleg frå dagens India og Pakistan og var til stades i Europa allereie i antikken.[1] Svartrotta blir ofte nemnt som arten som spreidde pesten under Svartedauden i Europa og Asia på 1300-talet. Enkelte historikarar har trekt dette i tvil i nyare tid, då det arkeologiske materialet frå mellomalderen i Noreg ikkje viser spor etter svartrotter utanom i kystbyane. Ho kan soleis ikkje ha spreidd pesten i landdistrikta. Svartrotta kan likevel ha vore med på å innføra pesten til landet.[2] Ho har seinare fått eit redusert utbreiingsområde, og forsvann truleg frå Noreg for om lag 100 år sidan. Svartrotta kan ha komme til Noreg sporadisk med skip etter den tid, men har ikkje etablert seg på nytt.[3] Ho er framleis talrik i middelhavsområdet, store delar av Afrika og Asia.

Kjelder endre

  1. IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Anne Karin Hufthammer og Lars Walløe: "Om utbredelsen av rotter i Norge i middelalderen og tidlig nytid. Kan rotter ha vært mellomverter for spredning av pestepidemier?" i Historisk Tidsskrift nr 1. 2010, s. 29-44
  3. Artsdatabanken.no

Bakgrunnsstoff endre