Raudara

art av papegøyefuglar
Raudara
Raudarahann
Raudarahann
Raudarahoe
Raudarahoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Raudara
Utbreiinga av Raudara
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Slekt: Fugleslekta Ara Ara
Art: Raudara A. macao
Vitskapleg namn
Ara macao

Raudara (Ara macao) er ein stor, langhala og fargerik neotropisk papegøye som har naturleg utbreiingsområde i Mellom-Amerika og store delar av nordlege Sør-Amerika aust for Andesfjella. Han er nasjonalfuglen i Honduras. Til liks med slektningen blågulara, er raudaraer populære burfuglar.

SkildringEndra

 
Vengfarger som er typisk raudara
Foto: Rupesh Sarkar
 
Raudara i flukt

Raudaraer er 84-89 centimeter i kroppslengd og kan vege i området 900 til 1490 gram.[1] Halen gjer ut for meir enn halve kroppslengda på vaksne fuglar. Fjørdrakta er dominert av raud kropp og blå overside av venger, men med slåande gule vengeflekker, og blå overgump. Han er den einaste raude ara som har store gule område på vengene. Undersida av vengene er dominert av gult. Eit stort område i andelet rundt auget og til nebbet er berr, kvit hud. Overkjeven er for det meste bleik hornfarga og underkjeven er svart. Juvenile har mørke auge; vaksne har lysegule auge.

Taksonomi

Raudara vart formelt skildra av Linné i 1758 i den tiande utgåva av hans Systema Naturae under binomialnamnet Psittacus macao. Raudara er no plasserte i slekta Ara (Lacépède, 1799), ei av seks slekter av sentral- og søramerikanske araer.

Dei to underartane kan skiljast av storleik og fargedetaljer i vengfjørene:

A. m. macao (Linné, 1758): Nominatforma har vengene har mellom- og sekundærdekslene grøn spiss, lever i fragmenterte område av sørlege Mellom-Amerika og i Sør-Amerika aust for Andes sør til og med nordlege Bolivia
A. m. cyanopterus (Wiedenfeld, 1995): Den sentralamerikanske raudaraen er større enn nominatforma og har blå fjørtuppar på dei gule vengdekkfjørene i staden for grønt. Han finst i fragmenterte område frå sørauslegaste Mexico, til nordaustlege Nicaragua

Storleiken på populasjonen er estimert til under 50 000 individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[2]

GalleriEndra

KjelderEndra

Referansar
  1. {Collar, N., P. F. D. Boesman, and C.J. Sharpe (2020). Scarlet Macaw (Ara macao), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.scamac1.01 Krev abonnement, henta 1. januar 2020
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Ara macao. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. januar 2021

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Raudara