Fugleslekta Ara

slekt av papegøyefuglar

Fugleslekta Ara er ei neotropisk slekt av store papegøyar med åtte nolevande artar og minst to kjente utdøydde artar.[1] Papegøyane i slekta Ara er kraftfulle fuglar med lange halar, lange smale venger og fjørdrakt i praktfulle farger. Dei har alle eit karakteristisk område i andletet og rundt auga med berr hud. Kjønna har lik fjørdrakt. Mange av medlemmene i slekta er populære handelsvarer som burfuglar, og fuglesmugling er ein trussel mot fleire Ara-artar.

Fugleslekta Ara
Raudara, Ara macao
Raudara, Ara macao
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Fugleslekta Ara Ara
Lacépède, 1799

Ara, engelsk macaw, er òg eit samnamn på store, neotropisk papegøyar, til saman ca. 16 artar i seks slekter.

Morfologi og utsjånad

endre
 
I likskap med resten av slekta, er vengene til blågulara, Ara ararauna, lange, likesom halen.
Foto: Luc Viatour

Ara-papegøyar er store parakittar arierande i storleik frå brunpanneara på 46 til 51 cm i lengd og 285-287 gram i vekt opp til grønvengara på 90–95 cm og 1708 g. Vengene er lange og smale, typisk for papegøyeartar som flyg over lange avstandar for å hente føde. Dei har ein massiv nedoverbøygd øvre kjeve og ein lapp med bleik hud rundt auga som kan strekkje seg til nebbrota. [1] Det nakne området har små fjører arrangert i linjer som dannar eit mønster over elles berr hud hos alle artar i denne slekta. Unnataket er raudara der huda er heilt berr. Dei fleste artane har mørkt nebb, men raudara og grønvengara har ein hornfarga øvre kjeve og ein svart underkjeve.

Fargene i fjørdrakta av Ara er spektakulære. Fire artar er hovudsakleg grøne, to av artane er stort sett i blått og gult, og tre artar, inkludert den utdøydde cubanske ara er i mykje raudt. Det er ingen kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, og ungfuglar er like dei vaksne, men litt mattere blant nokre artar.[2]

Distribusjon og habitat

endre
 
Fire grønvengara, Ara chloropterus, i flukt i Peru.

Ara-papegøyar har ein neotropisk utbreiing frå Mexico til Argentina. Sentrum av Ara-distribusjonen ligg i Amazonasbassenget og i grenseområdet Panama-Colombia, kvart med så mange som fire artar, marginalt fem der soldatara nærmar seg vestlege Amazonas. Innanfor grensene av Bolivia kan ein finne sju artar, men ingen einskild lokalitet i Bolivia eller noko anna land kan vise til meir enn fire artar. Den mest utbreidde arten, raudara, er, eller var, utbreidd over store delar av Sentral-Amerika og Amazonas. På den andre side har både blåstrupeara og raudøyreara bittesmå distribusjonar i Bolivia. Det samla utbreiingsområdet for artane og slekta som heilskap er redusert i historisk tid på grunn av menneskelege aktivitetar. Soldatara finst frå det nordlege Mexico til nordlege Argentina, men utbreiingsområdet er usamanhengande, med populasjonar i Mexico, så eit stort gap, deretter ein populasjon i dei venezuelanske kystfjellrekkja og ein populasjon langs Andesfjella frå vestlege Venezuela til det nordlege Argentina. Blågulara vart utrydd på Trinidad i 1960,[3] samt trekte seg tilbake frå Nord-Argentina, og fleire artar er tilsynelatande utrydda på øyane i Karibia.

Ara-papegøyar er generelt ganske fleksible i krav til habitat, dette er mest synleg hos raudara, som med den omfattande distribusjonen sin kan nytte ut dei fleste naturtypar frå fuktig regnskog til opne skogsområde og savannar. Det einaste kravet er tilstrekkeleg store tre, der dei kan finne føde og byggjer reir i hòl. Dei andre artane er litt smalare i krav til habitata, men trongen for store tre er universell. Blåstrupeara lever vanlegvis i «øyar» av skog på savannen, og raudøyreara føretrekkjer tørt kratt og kaktusskog.

Innanfor utbreiingsområdet, kan fuglane vandre mykje sesongmessig på leiting etter mat. Dei vil ikkje gjere trekk over store avstandar, men i staden meir lokale rørsler mellom ei rekkje ulike habitat.

Føde og kosthald

endre

Som alle andre araer og dei fleste papegøyane, gjer frø og frukt ut for den største delen av dietten i slekta Ara. Den spesielle artane og utval av kosthald varierer frå art til art. I motsetnad til mange andre fuglegrupper som tar frø og er frøspreiarar, vil araer ete og fordøye frøa, og dei kan bruke dei uhyre sterke nebba sine å opne sjølv dei hardaste skala. Dei konkurrerer med nokre apeartar i kosthaldet; i ein studie av grønvengara i Venezuela delte dei mange av dei same trea som sakiar, Chiropotes, men i nokre tilfelle åt dei frøa umodne, på eit tidlegare stadium med meir gift, enn det sakiar gjer.[4] Som andre papegøyar, kan araer bruke leire til å absorbere giftige stoff frå føda, gift som kjem frå frøa dei et.[5] I tillegg kan giftig føde frå einskilde matkjelder bli nøytralisert av anna giftstoff, til dømes av tannin, som finst i andre matkjelder som dei samstundes tar av.

Hekking

endre

Som nesten alle papegøyar, er Ara-papegøyane hòlehekkarar.[6] Dei fleste av artane hekkar i hòlrom i tre, anten i levande eller daude tre. Naturlege hòl i tre kan nyttast, særleg i daude tre, elles hòl laga av andre artar, i Mexico kan soldatara framleis gjere nytte av reirplassar laga av den no kritisk truga arten keisarspett. I tillegg til å hekke i tre, kan soldatara og grønvengara òg hekke i naturlege sprekkar i fjell. Raudøyreara har bergsprekkar som einaste hekkehabitat, det manglar store nok tre i utbreiingsområdet deira.[7]

Artslista

endre

Ara i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[8] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[9]

Fugleslekta Ara
Namn på norsk og vitskapleg namn Bilete Skildring Utbreiing i følgje HBW, band 4
Raudøyreara, Ara rubrogenys,
Red-fronted Macaw, EN, Lafresnaye, 1847
 
55–60 cm i lengd. For det meste grøn, med raudt i panna, raud flekk over øyra, lyseraud hud i andletet, raud på vengekroken, blå handsvingfjører. Sentrale Bolivia
Brunpanneara, Ara severus,
Chestnut-fronted Macaw, LC, Linné, 1758
 
46 cm i lengd. For det meste grøn, nøttebrun panne, raudt på vengekroken. Panama og Sør-Amerika i Chocó og Amazonasbassenget.
Soldatara, Ara militaris,
Military Macaw, VU, Linné, 1766
 
70 cm i lengd. For det meste grøn, med raud panne. Ikke-samanhengjande utbreiing i Mexico og i Andes frå Venezuela til nordlege Argentina.
Gladiatorara, Ara ambiguus,
Great Green Macaw, EN, Bechstein, 1811
 
85–90 cm i lengd. For det meste grøn, raud panne med grønt og blått på vengene. Sentral- og Sør-Amerika, frå Honduras til Ecuador
Grønvengara, Ara chloropterus,
Red-and-green Macaw, LC, Gray, 1859
 
90 cm i lengd. For det meste raud, med blå grøne venger. den nakne, kvite huda rundt kvart auge strekkjer seg til nebbet, og er mønstra av linjer med små raude fjører. Sør-Amerika, frå Colombia til nordre Paraguay.
Raudara, Ara macao,
Scarlet Macaw, LC, Linné, 1758
 
81–96 cm i lengd. For det meste klår raud farge, med raudt, gult og blått i vengene. Dei har berr, kvit hud rundt kvart auge som strekkjer seg til nebbet. Mexico til Colombia og Amazonasbassenget.
Blågulara, Ara ararauna,
Blue-and-yellow Macaw, LC, Linné, 1758
 
80–90 cm i lengd. For det meste blå overside og gult bryst. Blå hake og grøn panne. Den øvre sonen av den nakne, kvite huda rundt kvart auge strekkjer seg til nebbet, og er mønstra av linjer med små mørke fjører. Panama, Colombia til sørlege, sentrale Brasil.
Blåstrupeara, Ara glaucogularis,
Blue-throated Macaw, CR, Dabbene, 1921
 
75–85 cm i lengd. Blå overside og for det meste gul underside, blå hals. Områder med bleik hud på sidene av andletet er dekt med linjer av små, mørkeblå fjører, med rosa, naken hud på undersida av nebbet. Nordlege Bolivia
Kubaara, Ara tricolor)
Utdøydd i 1864[10]
 
50 cm i lengd. Raud panne som slo over til oransje og deretter til gult i nakken, mørk brunt nebb som var bleikare ut mot tuppen. Andlet, hake og bryst var oransje. Øvre rygg hovudsakleg i brunleg raudt, og overgumpen og nedre rygg var blå. Vengefjørene var i brunt, raudt og lilla-blått, oversida av halen var i mørkeraudt som falma mot blått på enden. Undersida var raud og brunleg.[10] Utdøydd - tidlegare endemisk til Cuba og kanskje òg på Isla de la Juventud.[10]
†Engelsk namn: Saint Croix Macaw
(Ara autocthones)
Utdøydd
Utsjånaden er ukjent Berre kjent fra sub-fossile bein funne på to arkeologiske stader, Saint Croix, Jomfruøyane og sentrale Puerto Rico.[11] Utdøydd - ukjent utbreiing

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. «Zoological Nomenclature Resource: Psittaciformes (Version 9.004)». www.zoonomen.net. 5. juli 2008. 
  2. Forshaw, Joseph M.; Cooper, William T. (1981) [1973, 1978]. Parrots of the World (corrected second utg.). David & Charles, Newton Abbot, London. s. 368. ISBN 0-7153-7698-5. 
  3. Oehler DA; Boodoo D; Plair B; Kuchinski K; Campbell M; Lutchmedial G, Ramsubage S, Maruska E and S Malowski (2001). "Translocation of Blue and Gold Macaw Ara ararauna into its historical range on Trinidad". Bird Conservation International, 11: pp 129-141 doi:10.1017/S0959270901000211
  4. Norconk, M; Wertis, C & W Kinzey (1997) " Seed predation by monkeys and macaws in eastern Venezuela: Preliminary findings" Primates 38 (2): 177-184 doi:10.1007/BF02382007
  5. Diamond, J (1999). "Evolutionary biology: Dirty eating for healthy living" Nature 400(6740): 120-121
  6. Collar N (1997) "Family Psittacidae (Parrots)" in Handbook of the Birds of the World Volume 4; Sandgrouse to Cuckoos (eds del Hoyo J, Elliott A, Sargatal J) Lynx Edicions:Barcelona. ISBN 84-87334-22-9 420-425
  7. Lanning, D (1991) " Distribution and breeding biology of the Red-fronted Macaw Arkivert 2010-08-10 ved Wayback Machine.". The Wilson Journal of Ornithology 103 (3): 357-365
  8. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  9. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  10. 10,0 10,1 10,2 Fuller, Errol (1987). Extinct Birds. Penguin Books (England). s. 148–9. ISBN 978-0-670-81787-0. 
  11. Olson, Storrs L.; López, Edgar J. Máiz (2008). «New evidence of Ara autochthones from an archeological site in Puerto Rico: a valid species of West Indian macaw of unknown geographical origin (Aves: Psittacidae)» (PDF). Caribbean Journal of Science 44 (2): 215–222. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Fugleslekta Ara