Raudknapp
Raudknapp (Knautia arvensis) er ei fleirårig plante i kardeborrefamilien. Ho er utbreidd i Europa og Asia.
Raudknapp | |
Raudknapp | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Dipsacales |
Familie: | Kaprifolfamilien Caprifoliaceae |
Slekt: | Knautia |
Art: | Raudknapp K. arvensis |
Vitskapleg namn | |
Knautia arvensis |
Planta er kring 60 cm høg, med stivhåra stengel og mjuklodne grågrøne blad, som stundom er heile, men oftast buktfinna. Ho har raudfiolette blomstrar, med lang lepe på blomstrane ytst i korga. Korga er flat og om lag 3 cm brei.
Raudknapp blømer kring juni månad i turre bakkar. Ho veks i Noreg nord til Troms, i Finnmark på avfallsplassar. Arten er funnen opp til 1217 meter over havet på Hardangervidda.
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Åkervädd» frå Wikipedia på svensk, den 21. august 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) raudknapp hos Artsdatabanken
- (en) raudknapp i Encyclopedia of Life
- (en) raudknapp i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) raudknapp hos Dyntaxa
- (en) raudknapp hos ITIS
- (en) raudknapp hos NCBI
- (en) raudknapp hos The International Plant Names Index
- (en) raudknapp hos Tropicos
- (en) Kategori:Knautia arvensis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Knautia arvensis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Knautia arvensis – detaljert informasjon på Wikispecies