Bassisten Ray Brown

(Omdirigert frå Ray Brown)

Raymond Matthews Brown (13. oktober 19262. juli 2002) var ein verdsleiande jazzbassist som i ei over 50 år lange karriere arbeidde med dei fleste namngjetne jazzmusikarar og -komponistar og spelte i alle store konserthallar i verda.

Ray Brown

Fødd13. oktober 1926
FødestadPittsburgh
Død2. juli 2002 (75 år)
DødsstadIndianapolis
OpphavUSA
Aktiv1946–2002
Sjangerjazz, bebop, hard bop, klassisk musikk
Instrumentkontrabass, cello, trompet, bass
PlateselskapVerve Records, Concord Records
Verka somkomponist, jazzmusikar, musikar, bassist, musikkprodusent
Gift medElla Fitzgerald
BornRay Brown, Jr.
PrisarPaul Acket Award, NEA Jazz Masters
Ray Brown med Milt Jackson (til høyre) i New York, ca 1947.

Tidleg i 20-åra kom han til New York og kom raskt i kontakt med kjente musikarar som Dizzy Gillespie, Art Tatum og Charlie Parker. I dei to første åra skapte han saman med dei andre i Dizzy Gillespie Band ein ny og banebrytande musikkstil, bebopen. På denne tida tok han til å skrive sin eigen musikk og i 1948 forlèt han Gillespie for å danne sin eigen trio med Hank Jones og Charlie Smith.

Frå 1948 til 1952 var han gift med Ella Fitzgerald og var samstundes «musikkdirektøren» hennar. Han starta nå òg opp det som skulle bli eit 18 år langt samarbeid med produceren og musikk impresarioen Norman Granz, som hadde verdssuksess med turne-verksemda Jazz at the Philharmonic fram til slutten av 1970-åra. Her blei Brown kjent med den legendariske pianisten Oscar Peterson som han spelte med frå 1951 til 1966 i Oscar Peterson Trio saman med Lester Young.

Seinare reiste han til Los Angeles for å starte opp si eiga solokarriere. Allereie i starten komponerte han Gravy Waltz som han fekk sin første Grammy for. Mange av komposisjonane hans blei kjenningsmelodiar for populære amerikanske show. Blant anna takka vere musikalske engasjement i Hollywood fekk han tallause prisar; fleire Grammys, han vann jamleg All Stars Poll i magasinet Playboy og ulike Down Beat Reader’s Poll Awards og Jazz Critic’s Poll Awards.

I 1970 og 1980-åra var han òg aktiv som forfattar, lærar, forleggjar, produsent og manager. Hovudinteressa var likevel vidareutviklinga av dei to Ray Brown Trioane. Frå midten av 1980-åra var han i Europa to gonger i året, alternerande med dei to trioane sine. Med dei fylte han både små jazzklubbar som store konsertlokale og spelte på fleire festivalar. Medspelarar i dei vekslande trioane var på denne tida blant andre Jeff Hamilton, Gene Harris, Benny Green, Ulf Wakenius og Hank Jones.

Han stod jamleg på scena heilt fram til sin død og påverka mange nye musikarar, òg ut over sjangeren sin. Han døydde under ein USA-turné, rett før han skulle på scena i Indianapolis.

Saman med vokalisten Dee Dee Bridgewater spelte Ray Brown Trio i Idrettens Hus under Moldejazz 1999.[1]

Diskografi i utval endre

  • 1946 - New Sounds in Modern Music - (Savoy)
  • 1956 - Bass Hit! - (Norgran)
  • 1958 - This is Ray Brown - (Polygram)
  • 1960 - Jazz Cello - (Verve)
  • 1962 - Ray Brown with the All Star Band - (Verve)
  • 1962 - Night Train - (Polygram)
  • 1965 - Ray Brown with Milt Jackson - (Verve)
  • 1972 - This One’s for Blanton - (Original Jazz)
  • 1974 - The Giants - (Original Jazz Classics)
  • 1975 - The Big 3 - (Pablo)
  • 1975 - Brown’s Bag - (Concord Jazz)
  • 1977 - Quadrant - (Original Jazz Classics)
  • 1977 - Montreux ’77 - (Original Jazz Classics)
  • 1979 - Live at the Concord Jazz Festival - (Concord Jazz)
  • 1979 - Tasty! - (Concord Jazz)
  • 1981 - Echoes from West - (Atlas)
  • 1982 - Milt Jackson - Ray Brown Jam - (Pablo)
  • 1984 - One O’Clock Jump - (Verve)
  • 1985 - Soular Energy [Gene Harris] - (Concord Jazz)
  • 1985 - Don’t Forget the Blues - (Concord Jazz)
  • 1985 - The Red Hot Ray Brown Trio - (Concord Jazz)
  • 1988 - Two Bass Hits - (Capri)
  • 1989 - After Hours: Jazz Standards - (Telarc)
  • 1990 - Summer Wind: Live at the Loa - (Concord Jazz)
  • 1990 - Live at the Blue Note - (Telarc)
  • 1991 - Old Friends - (Telarc)
  • 1993 - Bassface - (Telarc)
  • 1993 - Encore at the Blue Note - (Telarc)
  • 1994 - Black Orpheus - (Evidence)
  • 1994 - Don’t Get Sassy - (Telarc)
  • 1995 - Some of My Best Friends Are… The Piano Players - (Telarc)
  • 1996 - Some of My Best Friends Are… The Sax Players - (Telarc)
  • 1997 - SuperBass - (Telarc)
  • 1997 - Live at Scullers - (Telarc)
  • 1998 - Ultimate Oscar Peterson - (Polygram)
  • 1998 - The Very Tall Band - mit Milt Jackson, Oscar Peterson - (Telarc)
  • 1998 - Some of My Best Friends Are… Singers - (Telarc)
  • 1998 - Moonlight in Vermont - (Prevue)
  • 1998 - Summertime - Ray Brown Trio with Ulf Wakenius - (Telarc)
  • 2000 - Some of My Best Friends Are… The Trumpet Players - (Telarc)
  • 2001 - Live at Starbucks - (Telarc)
  • 2001 - SuperBass 2 - (Telarc)
  • 2002 - Some of My Best Friends Are… Guitarists - (Telarc)
  • 2002 - Ray Brown, Monty Alexander, Russell Malone - (Telarc)
  • 2003 - Straight Ahead - (Concord Jazz)
  • 2003 - Walk On - (Telarc)

Referansar endre

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre