Rebbenesøya (samisk: Ruobbá) er ei øy i Karlsøy og Tromsø kommune i Troms. Øya ligg nordaust for Ringvassøya. Rebbenesøya har eit areal på 80,6 km² (der 28,1 km² ligg i Tromsø kommune), og det høgaste punktet på øya er Geittinden på 694 moh. Øya hadde om lag 140 innbyggjarar i 2001.

Rebbenesøya
Lokalt namn Ruobbá
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°03′N 18°47′E / 70.050°N 18.783°E / 70.050; 18.783

Areal 80,6 km²

Høgaste punkt Geittinden (694 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Demografi
Folketal 140 (2001)
Folketettleik 1,7 /km²

Det er ferjesamband mellom Bromnes aust på Rebbenesøya og Mikkelvik på Ringvassøya. Fylkesvegen mellom Bromnes og Løksfjord fekk asfaltdekke i 2006/07.[1]

Troms Kraft planlegg eit vindkraftverk ved Måsvik på Rebbenesøya.[2]

Historie endre

I Toftefjorden på Rebbenesøya vart 12 norske kommandosoldatar frå Kompani Linge åtekne av ein tysk minesveipar 30. mars 1943. Den einaste som klarte å fly var Jan Baalsrud, som greidde å rømme til Sverige. Eit monument over dei drepne står i Toftefjorden. Baalsrud si flukt er omhandla i romanen Ni liv, som seinare vart filmatisert.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre