Opna hovudmenyen
Skulptur i Portstewart inspirert av songen.

«Red Sails in the Sunset» er ein populær engelskspråkleg song kjend frå Dei britiske øyane og USA.

Han vart publisert i 1935 med musikk skriven av Hugh Williams (pseudonym for Wilhelm Grosz) og tekst av låtskrivaren Jimmy Kennedy. Songen var inspirert av «dei raude segla» til «Kitty of Coleraine», ein yacht Kennedy ofte såg utafor nordkysten av Irland i heimbyen Portstewart.[1]

Namnet på songen var inspirasjon for namnet på Red Sails-festivalen i Portstewart i Nord-Irland. Kennedy skreiv songen medan han var i Portstewart.

Somme av dei tidlegare versjonane vart gjort av Al Bowlly med Ray Noble and his Orchestra den 18. september 1935 og Guy Lombardo den 11. oktober 1935.

Songen vart henta fram att av Nat King Cole i 1951. Denne songen klatra til 24. plassen på Billboard Best Seller-lista. [2] Ein annan versjon frå 1954 vart spelt inn av Sam «The Man» Taylor and His Orchestra, med Taylor på tenorsaksofon.

InnspelingarEndra

KjelderEndra

  1. «Red Sails in the Sunset by Bing Crosby»
  2. Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  3. VideoYouTube
  4. «'夕陽紅帆' by Rou Yun 柔雲»YouTube
  5. Joe Turner - RED SAILS IN THE SUNSETYouTube

BakgrunnsstoffEndra