Reddik
Reddik
Reddik
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Brassiceae
Slekt: Raphanus
Art: Reddik R. sativus
Vitskapleg namn
Raphanus sativus

Reddik er ei rotfrukt i krossblomfamilien. Reddikar blir dyrka mange stader i verda, og finst i mange varietetar med ulike storleik, farge og dyrketid.

Reddikrøter er runde eller sylinderforma, og har skalfarge som kan variera frå kvitt til raudt til lilla eller svart. Dei kan ha storleik frå eit par gram i tidlege sommarreddikar til fleire kg i japanske vintertypar.

Røtene har ein frisk smak som kan bli bitter i eldre røter. Den sterke smaken kjem av sennepsolje som finst i planten. Ein kan eta heile planten, og blada kan brukast som spinatvekstar eller som spirer.

Sommarreddik er mest vanleg, og har gjerne ei kulerund, raud- eller rosafarga rot. Vinterreddik er noko mindre kjend i Noreg. Denne har gulrotform og er gjerne lysare raudfarga eller kvit.

Namn endre

Det vitskaplige namnet Raphanus er gresk og betyr «hurtig forekomande». Det norske namnet «reddik» kjem frå latin radix som betyr «rot».

Kjelder endre

Encyclopædia Britannica Inc., 2014. Web. Henta 30. juni 2014.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raphanus sativus
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Raphanus sativus
  Denne landbruksartikkelen som har med mat å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.