Reidun Aune

norsk dukkespelar

Reidun Aune (29. august 191512. august 2004) var ei norsk motstandskvinne, musikkpedagog, dokketeaterarbeidar, brukskunstnar, kulturarbeidar og freds- og miljøaktivist frå Trondheim. Ho arbeidde som musikklærar ved Norges lærerhøgskole.

Reidun Aune
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. august 1915
Død

12. august 2004 (88 år)

Yrke dokkespelar

Motstandskvinne endre

Under andre verdskrig var Aune knytta til gruppa til kompani Linge Lark, som via radio gav London etterretningar frå Trondheim. Ho opererte som kurér, og mottok deltakarmedaljen i 2000.

Aune var aktiv motstandar av atomvåpen, og deltok i fredsmarsjen til Paris i 1981. Ho deltok òg i demonstrasjonane i Stilla under Alta-konflikten i 1981. For det siste vart ho dømd til ei fengselsstraff på 60 dagar.[1]

Dokketeater endre

I 1968 skipa Aune eit dokketeater i Trondheim saman med Vibeke Helgesen. I byrjinga måtte dei fleire gongar flytte til nye lokale, inntil dåverande teatersjef ved Trøndelag Teater, Arne Aas, let dei få tilhald på biscena til Trøndelag Teater.[2] Dokketeaterførestillingane vart spela som såkalla «morgonteater», for eit publikum som gjerne bestod av barn frå barnehagane og småskuleklassene rundt om i byen. Førestillingar på repertoaret var blant anna det grønlandske eventyret Nuniak og den store hvalen, som også vart vist på NRK barne-tv.[2]

Hausten 1971 arrangerte Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum ei utstilling av samisk brukskunst (duodji). I samband med utstillinga oppførte Aune dokketeater basert på ei samisk forteljing. Førestillinga vart svært godt motteken.[2]

I Trondheim var Aune også kjend for det årlege julespelet med dokker, som i hennar tid vart framført i meir enn femti år. «Det gamle Christi Fødselsspill» har opphav frå Tyskland på 1500-talet, og er omarbeidd scenisk og dramaturgisk av Aune.[3] Versjonen til Aune vart fyrst oppført i Oppdal i 1948, med levande skodespelarar og periodemusikk. Noko seinare laga Aune dokker til stykket, og var ansvarleg for årlege oppføringar i Trondheim. Aune dreiv også barneorkester, var danseinstruktør ved Spelet om Heilag Olav og engasjert på vegner av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Trøndelag Folkemuseum.

Prisar og utmerkingar endre

Aune var æresmedlem av Studentersamfundet i Trondheim, og mottok Teskjekjerringprisen i 1978.

Kjelder endre

  1. «Reidun Aune | Trondheim.no», www.trondheim.no, henta 16. mars 2023 
  2. 2,0 2,1 2,2 Vibeke Helgesen (kapittelforfatter) (1974). «Dukketeater i Norden : en oversikt over utviklingen og aktiviteten i Danmark, Finland, Island, Norge og Sverige». urn.nb.no (på norsk). Henta 5. januar 2018. «Dukketeater i Norge» 
  3. «NRK TV - Se Christi Fødselsspill | Gudstjeneste fra Nidarosdomen». NRK TV - Gudstjeneste (på norsk). 27. desember 1989. Henta 25. oktober 2018. «Det gamle julespillet fra Schwaben framført av Reidun Aunes Dokketeater og Lita Gjerdings Englekor.» 

Bakgrunnsstoff endre