Rennesøy kommune
tidlegare kommune i Rogaland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Rennesøy herad)
Tidlegare Rennesøy kommune | |
---|---|
Komm.nr. | 1142 |
Fylke | Rogaland fylke |
Slått saman med | Stavanger kommune |
Dato for samanslåing | 1. januar 2020 |
Adm.senter | Vikevåg |
Areal | 65 km² |
Folketal ved samanslåing | 4 849 |
Politikk | |
Siste ordførar | Dagny S. Hausken (Sp) |
Målform | nynorsk |
Nettstad | rennesoy.kommune.no |
Rennesøy er ein tidlegare kommune i Rogaland fylke, i Ryfylke. Kommunen vart slått saman med Stavanger kommune 1. januar 2020. Åtte øyar gjorde ut for arealet på 65 km² i kommunen. Dette var Rennesøy, Mosterøy, Bru, Fjøløy, Klosterøy, Vestre Åmøy, Sokn og Brimse. Utstein kloster frå mellomalderen ligg på Mosterøy.
Vikevåg var administrasjonssenter i kommunen. Folketalet per 1. januar 2018 var 4 849.
Bakgrunnsstoff
endre- Rennesøy kommune Arkivert 2019-09-21 ved Wayback Machine.