Restaurant Schrøder

Koordinatar: 59°55′24.352″N 10°44′22.394″E

Restaurant Schrøder er ein såkalla «brun kafé» i Waldemar Thranes gate 8 på St. Hanshaugen i Oslo, i nærleiken av krysset mellom Waldemar Thranes gate og Ullevålsveien. Restauranten har halde til på denne adressa sida 1956, frå då den noverande bygningen var ny. Tidlegare låg restauranten i Torggata.

Restaurant Schrøder i 2016
Interiør i 2016.

Omgrepet «brun kafé» vert nytta om slike kafear og restaurantar som har eit gamaldags preg over interiøret, stilen og menyen. Restauranten lever mellom anna opp til dette ved at interiøret er uendra, at borda er dekka med ein raud duk med ein kvit, firkanta duk lagt diagonalt oppå, og at det vert servert tradisjonell norsk mat, med mellom anna ein tradisjonelle lutefiskmeny i samband med jola. Lutefisken før jol har gjort restauranten vidgjeten, og det same har forfattaren Jo Nesbø gjort ved å late den fiktive hovudpersonen Harry Hole i kriminalromanane sine velje seg Schrøder som sin stamstad. Forfattaren Bjørg Vik refererer òg til restauranten i eit par av bøkene sine.

Veggane i restauranten er pryda av måleri frå 1926 av Sigurd Fosnes med motiv frå stader i Oslo: Bergfjerdingen (trappa opp til Damstredet), Torggata med bygningen til det fyrste Torggata Bad og hjørnet av den bygningen der restauranten hadde tilhald før flyttinga til St. Hanshaugen, trehusa i Telthusbakken attmed Gamle Aker kyrkje, dei tidlegare trehusa på Enerhaugen og eit stor bilete med motiv frå Youngstorget.

LitteraturEndra

  • Per-Erling Johnsen: Brune kafeer. Oslos uforanderlige møtesteder. Oslo 2005: Schibsted. ISBN 9788251621281