Revivim (hebraisk skrift רְבִיבִים, tyder Regnbyer) er ein kibbutz i Negevørkenen sør i Israel. Han ligg kring ein halvtime sør for Beersheba og høyrer til Ramat HaNegev regionale kommune. Han har eit folketal på kring 800.

Revivim
landsby
Avenue Revivim.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Ramat HaNegev
Koordinatar 31°2′37.01″N 34°43′16.38″E
Grunnlagd 7. juli 1943
 - Grunnlagd av Europeiske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla

Revivim
31°2′37″ N 34°43′16″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Revivim

HistorieEndra

Samfunnet vart danna i 1943 i Rishon LeZion med hjelp av den britiske regjeringa og unge immigrantar frå Austerrike, Italia og Tyskland, som alle var medlemmar av HaNoar HaOved VeHaLomed og som hadde fått opplæring ved kibbutzen Givat Brenner. Sjølve kibbutzen vart grunnlagd den 7. juli 1943 som ein av Dei tre utkikkspunkta, og heitte først Tel HaTzofim (tyder Speidaråsen). Han fekk seinare namnet Revivim av Berl Katznelson etter magasinet der Yosef Haim Brenner var redaktør (og som Givat Brenner vart kalla opp etter). Namnet er òg henta frå Bibelen og Salme 65:11: «Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene, med regnskurer gjer du jorda mjuk, du velsignar hennar grøde.»[1]

Nær kibbutzen står Mizpe Revivim (tyder Revivim-utkikken), eit museum som syner historia til «utkikkspunktet» og hendingane under den arabisk-israelske krigen i 1948 nord i Negev.[2]

Kjende innbyggjararEndra

KjelderEndra

  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.400, ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
  2. Here You'll find more information about Mizpe Revivim.

BakgrunnsstoffEndra