Rex Cawley, eigentleg Warren Jay Cawley, (6. juli 194021. januar 2022) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Highland Park i Michigan. Han vart olympisk meister på 400 meter hekk under sommarleikane i Tokyo i 1964.

Rex Cawley
Statsborgarskap USA
Fødd 6. juli 1940
Farmington
Død

21. januar 2022 (81 år)
Orange

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 183 centimeter

Aktiv endre

Cawley deltok i USA sitt uttaksløp på 400 m hekk føre dei olympiske leikane 1960. Med tida 50,7 sekundar vart han sjuandemann og dermed ikkje teken ut til Roma-leikane. I 1963 vart han amerikansk meister på 400 m hekk, ein prestasjon han kopierte i 1965.

I 1964 i Los Angeles vann Cawley uttaksløpet til OL på tida 49,1 sekundar, ny verdsrekord med eitt tidels sekund i høve den gamle, tilhøyrande italienaren Salvatore Morale. I finalen på langhekken under Sommar-OL 1964 vann Rex Cawley på 49,6 sekundar, briten John Cooper og Salvatore Morale fekk dei andre medaljane, begge fekk notert 50,1.

Cawley la opp som friidrettsutøvar i 1965.

Kjelder endre