Greenwich middeltid

(Omdirigert frå GMT)

Greeenwich middeltid eller Greenwich Mean Time (GMT) er ei tidssone som var offisiell referansetid for heile verda frå 1884 til 1972, då universaltid (UT1 og UTC) blei innført. GMT blir framleis nytta som utgangspunkt for tidssonene brukt i vestre Europa og Afrika.

Tidssoner i Europa:
blå Vesteuropeisk tid (UTC+0, Greenwich middeltid)
Vesteuropeisk sommartid (UTC+1)
lyseblå Vesteuropeisk tid (UTC+0)
raud Sentraleuropeisk tid (UTC+1)
Sentraleuropeisk sommartid (UTC+2)
gul Kaliningradtid (UTC+2)
oker Austeuropeisk tid (UTC+2)
Austeuropeisk sommartid (UTC+3)
grøn Moskvatid (UTC+3)
Bleik farge viser at landa ikkje har sommartid.

UTC blir ofte omtalt som GMT, men strengt talt er UTC ein atom-tidsskala som berre nærmar seg GMT. GMT blir også brukt for å visa til Universal Time (UT), som er det astronomiske omgrepet som direkte erstatta den originale GMT-definisjonen i 1972.

Shepherd Gate-klokka ved observatoriet i Greenwich viser 24 timar.
Tidssoner i Afrika:
svart UTC−01: Kapp Verde-tid.
grøn UTC: Vesteuropeisk tid · Greenwich middeltid.
blå UTC+01: Sentraleuropeisk tid · Vestafrikansk tid · Vesteuropeisk sommartid.
raud UTC+02: Austeuropeisk tid · Sentralafrikansk tid · Vestafrikansk sommartid · Sørafrikansk standardtid.
gul UTC+03: Austeuropeisk sommartid · Austafrikansk tid.
grå UTC+04: Mauritiustid · Seychellisk tid.
Stripa farge viser til at landet bruker sommartid


Soge endre

Greenwich-tida er ei middelsoltid med utgangspunkt i meridianen ved observatoriet i Greenwich, som blei teken som nullmeridian for heile verda ved Den internasjonale meridiankonferansen i 1884. Ho blei først teken i bruk av jernbaneselskap i Storbritannia i 1847-48, som «jernbanetid», ei sams tid for togruter i staden for ei rekkje litt ulike lokale tider. I 1880 blei dette den offisielle tida for heile øya Storbritannia. I 1883 blei ho teken i bruk på Isle of Man, i 1898 på Jersey og i 1913 på Guernsey. Irland tok i bruk tidssona i 1916, i staden for Dublin middeltid.

Britiske sjøfolk hadde lenge hatt eitt kronometer innstilt på GMT for å rekna ut lengdegrada si i høve til Greenwich-meridianen. Etterkvart byrja heile verda bruka GMT som ei referansetid uavhengig av stad, ved å gje tidssona si i timar og halvtimar «framfor GMT» (t.d. GMT-1) eller «etter GMT» (t.d. GMT+6). Fleire land oppgjev si tidssone i høve til GMT i lovverket.

Opphavleg brukte ein tidskuler oppå observatorium eller andre høge punkt til å signalisera eit visst tidspunkt, til dømes klokka 1 om dagen etter GMT, til skip i området. Frå 5. februar 1924 byrja ein kringkasta tidssignal kvar time i staden. Fram til 1925 blei byrjinga av eit døgn etter GMT rekna frå middag og etter 1925 frå midnatt. Mange stader som bruker GMT deler også døgnet i to, før middag eller a.m. (ante meridiem) og etter middag eller p.m. (post meridiem).

Ei tid som tek utgangspunkt i jordrotasjonen kan ikkje vera heilt nøyaktig, ettersom rotasjonen er uregelmessig. I 1972 blei Greenwich middeltid erstatta som verdstid av ei universaltid bestemt av fleire atomur.

Bruk endre

Greenwich middeltid blir nytta som tidssone i Storbritannia og Irland på vinteren og heile året på Island. GMT har ikkje sommartid, om sommaren har Storbritannia noko ein kallar BSTBritish Summer Time (britisk sommartid), som kan skrivast som GMT+1.

I Vest-Afrika har desse landa Greenwich middeltid som tidssone:




Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

middeltid «Greenwich_middeltid, GMT» i Store norske leksikon, snl.no.