Rezen Saddle
Rezen Saddle (bulgarsk Rezenska Sedlovina) er eit skard på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det er 600 meter langt og hesteskoforma med ei høgd på 420 moh. Passet ligg mellom Rezen Knoll og Burdick Ridge aust på Livingston Island, og er ein del av ruta frå Balkan snømark til øvre Perunikabreen og Bowles Ridge.
Rezen Saddle | |||
fjellovergang | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Grensar til | Rezen Knoll, Burdick Ridge | ||
Stad | Livingston Island | ||
• høgd | 420 moh. | ||
- koordinatar | 62°37′35″S 60°15′57″W / 62.62639°S 60.26583°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Rezen Saddle 62°37′35″S 60°15′57″W / 62.6264°S 60.2658°W | |||
Det vart først vitja av bulgararane Kuzman Tuhtsjijev, Dimo Dimov og Ivan Tasjukov frå St. Kliment Ohridski-basen i løpet av sesongen 1994/95.
Skardet er kalla opp etter nærliggande Rezen Knoll.
Skardet ligg 5,5 km aust-nordaust for Sinemorets Hill, 3,4 km sørvest for Dimov Gate, 3,97 km vest for Omurtag Pass, 7,38 km vest for Pirdop Gate og 2,23 km nordvest for Orpheus Gate.