Rezen Knoll (bulgarsk Vrah Rezen) er ein knaus med ei høgd opp mot 433 m aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Knausen grensar i aust, nord og vest til Perunikabreen og er knytt til Burdick Ridge via Rezen Saddle. Åsen er 250 m brei og strekkjer seg 500 m frå aust til vest. Han består av lava, med stupbratte sider, utanom i aust. Han er delvis isfri på vest- og nordsida.

Rezen Knoll
ås
Rezen Knoll frå nær den bulgarske basen.
Land  Antarktis
Stad Livingston Island
 - høgd 433 moh.
 - koordinatar 62°37′31″S 60°16′37″W / 62.62528°S 60.27694°W / -62.62528; -60.27694
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Rezen Knoll
62°37′31″S 60°16′37″W / 62.6253°S 60.2769°W / -62.6253; -60.2769
Rezen Knoll is located in Antarktis
Rezen Knoll (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Dei første til å nå toppen av åsen var bulgararane Kuzman Tuhtsjijev, Dimo Dimov og Ivan Tasjukov frå St. Kliment Ohridski-basen i løpet av sesongen 1994/95.

Åsen er kalla opp etter Goljam (Big) Rezen og Malak (Little) Rezen på fjellet Vitosja nær Sofia i Bulgaria.

Åsen ligg 3,94 km sør for Mount Bowles, 3,07 km aust-søraust for Aleko Point, 45 km aust-nordaust for Sinemorets Hill, 1,56 km nordvest for Burdick Peak og 630 m nord-nordvest for Burdick West Peak.

Kjelder endre