Richard Burns (17. januar 197125. november 2005) var ein britisk rallyførar. Han vart verdsmeister i 2001.

Richard Burns
Rp2 subaru.jpg
Fødd 17. januar 1971
Reading i Berkshire
Død

25. november 2005 (34 år)
London

Yrke rallykøyrar
Richard Burns på Commons

Alt det første året han køyrde i det britiske rallymeisterskapet, 1993, vann han fire sigrar og vart den yngste britiske meisteren i rally. I 1994 debuterte han i VM-sirkuset.

Burns fekk fabrikksete for Mitsubishi i 1998 og vann sin første VM-siger i Rally Sardinia same året. Dessutan vann han og Rally Storbritannia det året. I 2001 vart han den første engelske verdsmeisteren i rally, medan han køyrte for Subaru.

Richard Burns måtte gje seg i VM-sirkuset etter 2003-sesongen, etter at det vart oppdaga at han hadde svulst på hjernen. Han gjekk gjennom ein vellykka operasjon og hadde håp om å kome attende i ein rallybil. Den 25. november 2005 måtte han derimot gje tapt for sjukdommen, på dagen fire år etter at han vann VM-tittelen.

WRC-sigrarEndra

 #  Rally Sesong Kartlesar Køyretøy
1   46. Safari Rally Kenya 1998 Robert Reid Mitsubishi Carisma GT Evo 4
2   54. Network Q Rally of Great Britain 1998 Robert Reid Mitsubishi Carisma GT Evo 4
3   46. Acropolis Rally of Greece 1999 Robert Reid Subaru Impreza WRC
4   12. Telstra Rally Australia 1999 Robert Reid Subaru Impreza WRC
5   55. Network Q Rally of Great Britain 1999 Robert Reid Subaru Impreza WRC
6   48. Sameer Safari Rally Kenya 2000 Robert Reid Subaru Impreza WRC
7   33. TAP Rallye de Portugal 2000 Robert Reid Subaru Impreza WRC
8   20. Rally Argentina 2000 Robert Reid Subaru Impreza WRC
9   56. Network Q Rally of Great Britain 2000 Robert Reid Subaru Impreza WRC
10   31. Propecia Rally New Zealand 2001 Robert Reid Subaru Impreza WRC