Opna hovudmenyen
Finske Juuso Pykälistö med sin Peugeot 206 WRC under Rally Sverige i 2003.

Verdsmeisterskapen i rally (World Rally Championship, WRC) er ein meisterskap over fleire rundar som vert arrangert av FIA. Ved enden av kvar sesong vert det kåra beste førar og beste produsent. Førarmeisterskapet og produsentmeisterskapet er separate meisterskap, men basert på det same poengsystemet. Det første Rally-VM blei arrangert i 1973. I 2009 skal det køyrast 12 runder før det vert kåra ein samanlagtvinnar.

HistorieEndra

Verdsmeisterskapet i Rally vart starta i 1973, med 13 rallyløp, der somme av dei tidlegare hadde vore del av International Championship for Manufacturers som eksisterte i tre år frå 1970. Det første WRC-løpet var det 42. Monte Carlo Rally som starta den 19. januar 1973 og varte i 10 dagar med 18 etappar på om lag 420 km til saman. Vinnaren vart franskmannen Jean-Claude Andruet i ein Alpine-Renault. Alpine-Renault vann fabrikkmeisterskapet overlegent dette førse året, medan førarresultata ikkje talde offisielt før i 1977.

Oversikt over VM-rundane i 2009Endra

 
Rallybilar parkert i Parc fermé for kvelden.
# Dato Rally Stad Underlag
01 30. januar-1. februar   Rally Irland Sligo Vinterasfalt
02 12.-15. februar   Rally Norway Hamar Is og snølagd grus
03 13.-15. mars   Rally Kypros Limassol Asfalt og grus
04 3.-5. april   Rally Portugal Vilamoura Grus
05 24.-26. april   Rally Argentina Villa Carlos Paz Grus
06 22.-24. mai   Rally Italia Olbia Grus
07 12.-14. juni   Rally Akropolis Loutraki Grus
08 26.-28. juni   Rally Polen Mikolajki Grus
09 31. juli - 2. august   Rally Finland Jyvaskyla Grus
10 4.-6. september   Rally Australia Kingscliff Grus
11 2.-4. oktober   Rally Catalonia Salou Asfalt
12 23.-25. oktober   Rally Wales Cardiff Grus

Tidlegare vinnararEndra

 
Sébastien Loeb under Rally Wales i 2007.Franskmannen har fem gongar på rad vunne førarmeisterskapet
 
Marcus Grönholm under Rally Kypros i 2004.
 
To gongar verdsmeister Walter Röhrl i ein Audi Quattro under Rally Portugal i 1984. Audi vann fabrikkmeisterskapet dette året, men Røhrl tok ikkje nokon ny tittel.
 
Lancia regjerte på midten av 70-talet med Stratos HF og igjen med Delta på 90-talet.
Sesong Førarmesterskapet Fabrikkmeisterskapet
Førar Bil Produsent Bil
2008   Sébastien Loeb Citroën C4 WRC   Citroën Citroën C4 WRC
2007   Sébastien Loeb Citroën C4 WRC   Ford Ford Focus
2006   Sébastien Loeb Citroën Xsara WRC   Ford Ford Focus
2005   Sébastien Loeb Citroën Xsara WRC   Citroën Citroën Xsara
2004   Sébastien Loeb Citroën Xsara WRC   Citroën Citroën Xsara
2003   Petter Solberg Subaru Impreza WRC   Citroën Citroën Xsara
2002   Marcus Grönholm Peugeot 206 WRC   Peugeot Peugeot 206
2001   Richard Burns Subaru Impreza WRC   Peugeot Peugeot 206
2000   Marcus Grönholm Peugeot 206 WRC   Peugeot Peugeot 206
1999   Tommi Mäkinen Mitsubishi Lancer Evolution   Toyota Toyota Corolla
1998   Tommi Mäkinen Mitsubishi Lancer Evolution   Mitsubishi Mitsubishi Lancer Evolution
1997   Tommi Mäkinen Mitsubishi Lancer Evolution   Subaru Subaru Impreza
1996   Tommi Mäkinen Mitsubishi Lancer Evolution   Subaru Subaru Impreza
1995   Colin McRae Subaru Impreza   Subaru Subaru Impreza
1994   Didier Auriol Toyota Celica   Toyota Toyota Celica
1993   Juha Kankkunen Toyota Celica   Toyota Toyota Celica
1992   Carlos Sainz Toyota Celica   Lancia Lancia Delta
1991   Juha Kankkunen Lancia Delta   Lancia Lancia Delta
1990   Carlos Sainz Toyota Celica   Lancia Lancia Delta
1989   Massimo 'Miki' Biasion Lancia Delta   Lancia Lancia Delta
1988   Massimo 'Miki' Biasion Lancia Delta   Lancia Lancia Delta
1987   Juha Kankkunen Lancia Delta   Lancia Lancia Delta
1986   Juha Kankkunen Peugeot 205   Peugeot Peugeot 205
1985   Timo Salonen Peugeot 205   Peugeot Peugeot 205
1984   Stig Blomqvist Audi Quattro   Audi Audi Quattro
1983   Hannu Mikkola Audi Quattro   Lancia Lancia Rally 037
1982   Walter Röhrl Opel   Audi Audi
1981   Ari Vatanen Ford   Talbot Talbot Sunbeam Lotus
1980   Walter Röhrl Fiat 131 Abarth   Fiat Fiat 131 Abarth
1979   Björn Waldegård Ford Escort RS1800*   Ford Ford Escort RS1800
1978   Markku Alén*** Fiat 131 Abarth**   Fiat Fiat 131 Abarth
1977   Sandro Munari*** Lancia Stratos HF   Fiat Fiat 131 Abarth
1976   Lancia Lancia Stratos HF
1975   Lancia Lancia Stratos HF
1974   Lancia Lancia Stratos HF
1973   Alpine Renault Alpine Renault A110 1800
* - I 1979 køyrde Björn Waldegård ein Mercedes 450 i to løp.
** - I 1978 køyrde Markku Alén ein Lancia Stratos HF i to løp.
*** - I 1977 og 1978 var førarmesiterskapetFIA Cup for Rally Drivers

BakgrunnsstoffEndra