Arild Busterud
Arild Busterud (fødd 26. januar 1948) er ein tidlegare gardbrukar og friidrettsutøvar frå Løten i Hedmark som vart norsk meister 1975 og 1976 i sleggjekasting. Han er medlem i Løten Idrettslag. Busterud har vore aktiv i veteranklassar til han vart over 70 år gammal.
Arild Busterud | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. januar 1948 (76 år) |
Idrett | friidrett |
Busterud deltok i noregsmeisterskapen i friidrett 1967 og var aktiv på toppnivå til 1980. Åra 1971 til -73 vann han NM-medaljar i både kulestøyt og i sleggjekast. Heile tida var likevel sleggjekasting spesialøvinga. Under noregsmeisterskapane 1975 og 1976 lukkast han vinne denne øvinga, i hard konkurranse frå Arne Lothe.
Sommaren 1975 var Busterud i sitt livs beste form. 8. juni på Kongsberg sletta han den elleve år gamle noregsrekorden til Oddvar Krogh. Kastet vart målt til 66,00 meter. I juli månad flytta han rekorden til 67,14 m på Moelv den 6. Same staden tre veker seinare, 27. juli 1975, auka han til 67,84 meter. Busterud si bestenotering var norsk rekord i tre år.
Medaljar i noregsmeisterskap
endre- 1971 på Hamar: Sølvmedalje i kulestøyt, bronse i sleggjekast
- 1972 i Stavanger: Bronsemedalje i kulestøyt og sleggjekast
- 1973 i Trondheim: Sølvmedalje i kulestøyt og sleggjekast
- 1974 i Hønefoss: Sølvmedalje i sleggjekast
- 1975 i Fana: Gullmedalje i sleggjekast
- 1976 i Askim: Gullmedalje i sleggjekast
- 1977 i Lillehammer: Sølvmedalje i sleggjekast
Personlege rekordar
endre- Kulestøyt: 18,07 m (1973)
- Sleggjekast: 67,84 m (1975)