Steppenwolf 7
Studioalbum av Steppenwolf
Språk engelsk
Utgjeve November 1970
Sjanger
Lengd 39:57
Selskap Dunhill
Produsent Richard Podolor
Steppenwolf-kronologi 
Steppenwolf Live
(1970)
Steppenwolf 7 For Ladies Only
(1971)


Singlar frå Steppenwolf 7
  1. «Who Needs Ya»
    Utgjeve: 7. oktober 1970 [1]
  2. «Snow Blind Friend»
    Utgjeve: Januar 1971 [2]

Steppenwolf 7 er det femte studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf. Albumet km ut i november 1970 på Dunhill Records. Det er det første Steppenwolf-albumet med den nye bassisten George Biondo. Den numeriske tittelen til albumet speglar det faktumet at det var den sjuande albumutgivinga til bandet for ABC/Dunhill records (inkludert dei fire tidlegare studio-LP-ane, og to konsertalbum).

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[3]
Christgau's Record GuideC−[4]

Sjølv om albumet inneheldt den karakteristiske rock and roll-stilen til Steppenwolf, var det ingen av låtane som nådde topp 40-lista. Albumet inneheldt ein coverversjon av Hoyt Axton-songen «Snowblind Friend». Det var den andre antidop-songen av han dei spelte inn (den første var «The Pusher»). Saman med «Who Needs Ya» var han ein av to singlar frå albumet som nådde hitlistene, men ikkje topp 40.[5] Albumsporet «Renegade» er sjølvbiografisk for solovokalisten John Kay, og fortel om flukta med mora frå den sovjetiske okkupasjonssona i Europa til Vesten i 1948. I introen til «Earschplittenloudenboomer» snakkar Kay delvis på tysk.

Innhald endre

Alle songar av John Kay og Larry Byrom; utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ball Crusher» 4:50
2.«Forty Days and Forty Nights»Bernie Roth3:02
3.«Fat Jack»George Biondo4:50
4.«Renegade» 6:07
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Foggy Mental Breakdown» 3:52
2.«Snowblind Friend»Hoyt Axton3:52
3.«Who Needs Ya'» 2:59
4.«Earschplittenloudenboomer» 5:00
5.«Hippo Stomp» 5:43

Medverkande endre

Steppenwolf endre

Teknisk endre

Salslister endre

Liste (1970/71) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 26
USA (Billboard 200)[7] 19

Singlar - Billboard (USA)[5]

År Singel Liste Plassering
1970 «Who Needs Ya» Billboard Hot 100 54
1971 «Snowblind Friend» Billboard Hot 100 60

Kjelder endre

  1. «Steppenwolf-singlar». 
  2. «Steppenwolf-singlar». 
  3. Allmusic review
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 13. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  5. 5,0 5,1 Steppenwolfs hitlistehistorikk i USA, Billboard.com. Henta 18. januar 2013.
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 293. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. «Billboard 200-Steppenwolf». Arkivert frå originalen 18. februar 2017. Henta 2. juli 2023.