Riella affinis er ein levermose. I likskap med andre artar i slekta lever R. affinis i vatn. Han veks vertikalt når han er under vatn, men står ikkje på eiga hand om han er ute av vatn. Som alle artar i slekta er thallus hjå R. affinis forma som ei lang bladaktig vengje langs ein stilk, med småe bladutvekstar i to rader langs stilken. Atheridia sit langs kanten på vengja, antan einskildvis eller i småe klasar på 2-7 antheridia. Archegonia sit langs stilken. Skjela kring rhizoidane er småe, ofte mest ikkje synlege. Antheridia og archegonia sit på same planten.

Riella affinis
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Levermosar Marchantiophyta
Klasse: Marchantiopsida
Underklasse: Sphaerocarpidae
Orden: Sphaerocarpales
Familie: Riellaceae
Slekt: Riella
Art: R. affinis
Vitskapleg namn
Riella affinis

R. affinis veks på Kanariøyene og i California og Texas.

Kjelder

endre