RiksTV AS, tidlegare NTV Pluss, er eit norsk betal-TV-selskap om vart stifta den 17. november 2005. Selskapet leiger kapasitet av Norges Televisjon i det digitale bakkenettet. RiksTV har same eigarstruktur som Norges Televisjon, eigd av NRK, TV2 og Telenor med 1/3 kvar.

RiksTV
Org.formAksjeselskap
Org.nr.889099682
Skipa17. november 2005
EigarTV 2 Gruppen[1][2]
HovudkontorOslo
LandNoreg
Produktdigitalfjernsyn
StyreleiarKristenn Einarsson
Nettstadhttps://rikstv.no (norsk)

Den 14. mars 2007 bytte NTV Pluss namn til RiksTV.[3]

TV-kanalar endre

RiksTV tilbyr fylgjande fjernsynskanalar:

RiksPakken:

RiksEkstra

Einskildkanalar

NRK sender sine kanalar gratis og ope i det digitale bakkenettet.

Kritikk endre

RiksTV har fått ein konsesjon som vert tolka ulikt av selskapet sjølv og Forbrukarrådet. Forbrukarrådet meiner at selskapet har brote konsesjonsvilkåra ved å nekta Viasat4 tilgang til nettet og at Stortinget sette som føresetnad at NRK og TV 2 ikkje skulle kunna utnytta posisjonen som eigarar av nettet til fordel for sine eigne kanalar. Etter planen skulle Viasat4 vera ein ny gratiskanal. NTV hevdar på si side at TV2 står i ein særstilling på grunn av avtalen mellom Kulturdepartementet og NTV om gratissendingar av TV2 fram til 2009, og at andre kanalar ikkje kan krevja å få same vilkåra.[4]

Då RiksTV den 12. juni 2007 presenterte kanalpakka si, kom det kritikk mot kanalutvalet.[5]

RiksTV har dessutan vorte kritisert for å hevda at dei kunne senda HD-TV før dette vart mogleg. Mottakarboksane støtta riktignok sendingar i HD-kvalitet, men fram til det analoge bakkanettet vart stengd, var det for liten kapasitet i det nye nettet.[6] Prøvesendingar i HD-kvalitet vart gjort under opning og avslutningsseremoniane av Sommar-OL 2008 i Beijing, medan ein slo av NRK2 sine sendingar.[7]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre