61
Sweden road sign E3.svg
SWE riksvag61.PNG
Riksväg 61 utanfor Charlottenberg

Riksväg 61 i Sverige går gjennom Värmland på strekninga Karlstad (europaveg 18) - Arvika - Charlottenberg - riksgrensa (Morokulien) til Noreg der den går over riksveg stamveg 2 i Noreg. Vegen er 109 km lang.

Vegen blir nytta til reiser til og frå stader langs vegen, men vegen er òg nytta til reiser frå Karlstad/Mälardalen til Noreg, til dømes Gardermoen flyplass og området nord om Oslo, eller omvendt.

Standard og planarEndra

Standarden på vegen varierer. Mellom Karlstad og Fagerås (ved E45) har den høg standard med eit tal planskilde trafikkplassar og ein bit skilta som motortrafikled. Ein har til og med bygd midtdelar (2+1-väg) langs 11 km mellom Karlstad og Kil, som var klart i slutten av 2007. I nord er standarden dårlegare. Vegen går gjennom tettstaden Arvika.

Når det gjeld planlagde utbetringar, så pågår ei ombygging aust om Åmotfors på rudt 7 km lengd. Det blir ei utviding till 9 m og utretting av ei kurve. Planer finnast for motorväg Bergvik-Ilanda, altså mellom E18 og riksväg 62, men først etter 2015.

HistorieEndra

På 1950-talet vart vegen kalla länsväg 232. I 1962 fekk vegen namnet riksväg 61.

På 1980-talet vart strekket Karlstad-Kil bygd med ein bit som motortrafikled og resten nesten det.[1] Strekninga Kil-Fagerås vart bygd på slutten av 1990-talet.[2] Vegen i trakten av Högboda vart bygd på 1950-talet.[3] Forbi Brunskog og nord for Edane er vegen ombygd før 1940-talet, men i 2006 vart den bygd om til ein høgre standard.[4][5] Eit strekke aust om Arvika er bygd i starten av 1970-talet.[6] Vegen nordom Nysockensjön er frå starten av 1900-talet. Omkøyringa rundt Åmotfors vart bygd i perioden 2006-2007. Nord for Åmotfors har ein bit veg som vart bygd på 1950-talet. Resten er i same strekning som minst på 1940-talet[5].

Trafikkplasser og tilknytingarEndra

Det finst nokre planfrie trafikkplassar langs riksvägen. Derimot finst det ingen motorväg langs vegen. E18 er derimot motorväg der den kryssar seg til riksväg 61.

 
Nr Namn Skilting
Motortrafikled mellom Bergviksmotet og Henstadmotet
  - Bergviksmotet E18 Oslo, E18   Stockholm
  Henstadmotet Hultsberg Edsvalla
Landsväg mellom Henstadmotet og norske grense
  Ilandamotet Skåre, 62 Trysil Forshaga
  Hynboholmsmotet Flygplats
  Stenåsenmotet Kil
  Lersättersmotet Kil
  Fageråsmotet E45 Göteborg Mora
  i Brunskog 238 Sunne
  i Arvika 175 Säffle
  i Arvika 172 Bengtsfors Årjäng
  nær Åmotfors 177 Årjäng
Morokulien Norsk riksveg 2 held fram


KnutepunktEndra

Värmlands länEndra

Eda kommune
Arvika kommune
Kil kommune
Karlstad kommune

KjelderEndra

  1. M-kartan 1985.
  2. M vägatlas 1995.
  3. KAK bilatlas 1958
  4. Generalstabskartan på lantmateriet.se Historiska kortor
  5. 5,0 5,1 KAK bilatlas 1946
  6. M-kartan 1977