Eda kommun

kommune i Värmland len i Sverige
(Omdirigert frå Eda kommune)

Eda kommun er ein kommune i Värmlands län i Sverige. Kommunen har eit folketal på 8 638 (2006). Han grensar mot norske Eidskog kommune, og 16 % av innbyggjarane er norske statsborgarar.[2]

Eda kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Värmlands län
Landskap Värmland
Del av Värmland, Q61570525, Q61569850
Areal 894,92 km²
 •  land 820,18 km²
 •  vatn 74,74 km²
Folketal 8 478[1]  (2011)
Kart
Eda kommun
59°53′00″N 12°17′00″E / 59.883333333333°N 12.283333333333°E / 59.883333333333; 12.283333333333
Wikimedia Commons: Eda Municipality

Den norske investoren Olav Thon har bygd ut store areal i tettstaden Charlottenberg til kjøpesenter.

Historie

endre

Eda ligg langs Eskuleia, ein gammal ferdselsåre frå sagatida og viktig pilegrimsveg til Nidaros. Stadet Eda blir omtalt i Håkon Håkonssons saga frå 1200-talet.

Fram til og med 1814 var Eda på frontlinja i krigane mellom Danmark-Noreg og Sverige. Den viktige vegen over grensa mellom Eda og Eidskog har ved fleire høve vorte brukt av hærstyrkar frå begge sider. Eda skanse vart bygd omkring 1650 for å hindre dansk-norske styrkar i å rykke inn i området og utgjer i dag motivet i Edas kommunevåpen. Denne skansen var rett nok ikkje den første i området.

I 1865 opna Grensebanen mellom Kongsvinger og Charlottenberg, det første jarnbanesambandet mellom dei to landa. To år seinare opna strekninga vidare til Arvika. Disse jernbanestrekningene utgjer enno jernbaneforbindelsen mellom dei to hovedstadene Oslo og Stockholm.

Eda kommune vart oppretta i 1863[3] frå Eda sokn då kommuneordninga vart innført i Sverige. I 1952 vart Skillingmark slått saman med Järnskog, som igjen vart slått saman med Eda og Köla landsKommunar i 1971 til dagens Eda kommune.

Næringsliv

endre

Næringslivet blir dominert av industri, med Åmotfors som ein av dei viktigaste industristadane i Sverige i tilhøve til folketalet. Industrien består mellom anna lettmetallindustri, papirtilvirkning, trelast, ammunisjonsproduksjon og underleverandørar til bilindustrien.

Grensehandelen er òg viktig i Eda kommune. Dette gjer at Charlottenberg, på trass av den audmjuke storleiken sin, har eit av dei største sjølvbetjente Systembolaga i landet. Den store handelen har òg trekt til seg den norske investoren Olav Thon, som har bygd eit stort kjøpesenter ved hovudvegen eit stykke utanfor Charlottenberg sentrum.

I tillegg kjem mange småføretak innan jord- og skogbruksnæringa. Eda har, i likskap med Magnor på den norske sida av grensa, òg ei historie innan glasproduksjon.

Eda kommune har den lågaste arbeidsløysa i Värmland,[2] og lågast andel ungdomar som vel høgare utdanning.

Tettstader

endre

Eda kommune har fire tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Charlottenberg 2 048
2. Åmotfors 1 426
3. Koppom 633
4. Eda glasbruk 254

Attraksjonar

endre

Kjelder

endre
  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
  2. 2,0 2,1 Eda kommunes årsrapport 2005 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 11. oktober 2007, henta 11. oktober 2007 
  3. Nationell ArkivDatabas, arkivert frå originalen 7. oktober 2007, henta 27. juni 2012 

Bakgrunnsstoff

endre