Sigurd Røen (12. februar 190917. september 1992) var ein norsk skirennar frå Rindal i Møre og Romsdal. Han deltok i både langrenn og kombinert og vart i 1937 verdsmeister både i kombinert-øvinga og i 4x10 km stafett med Noreg.

Sigurd Røen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1909
Rindal kommune
Død

17. september 1992 (83 år)

Yrke kombinertløpar, langrennsløpar, skihoppar
Sigurd Røen på Commons

Røen representerte den lokale Sportsklubben Troll. Under ski-VM 1937 i Chamonix vann han gullmedaljen i kombinert, med god margin til landsmannen Rolf Kaarby som sørgde for norsk dobbeltsiger. Seks dagar etter kombinertgullet gjekk Røen tredjeetappen for det norske laget som vann gull på 4x10 km stafett, knapt eit minutt framom Finland på sølvplass. På stafettlaget gjekk han saman med Annar Ryen, Oskar Fredriksen og Lars Bergendahl.

Kjelder endre