Ringenes herre: Atter en konge

Ringenes herre: Atter en konge (originaltittel: The Lord of the Rings: The Return of the King) er ein fantasy-spelefilm frå 2003 med regi av Peter Jackson. Dette er den siste filmen i filmtrilogien basert på Ringdrotten av J.R.R. Tolkien, og han kom ut 17. desember 2003 i USA. Filmen vart nominert til heile elleve Oscar-prisar, og vann alle kategoriane han var nominert i. Ein utvida versjon av Atter en konge kom ut på DVD i desember 2004.

The Lord of the Rings: The Return of the King
RegiPeter Jackson Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)Robert Shaye, Mark Ordesky, Harvey Weinstein, Michael Lynne, Bob Weinstein Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Peter Jackson, Barrie M. Osborne, Fran Walsh Sjå dette på Wikidata
ManusFran Walsh, Philippa Boyens, Peter Jackson Sjå dette på Wikidata
Basert påAtter en konge Sjå dette på Wikidata
MedverkandeElijah Wood, Ian McKellen, Andy Serkis, Viggo Mortensen, Liv Tyler, Sean Astin, Cate Blanchett, Christopher Lee, Hugo Weaving, Dominic Monaghan, Billy Boyd, John Rhys-Davies, Orlando Bloom, David Wenham, Bernard Hill, Miranda Otto, John Noble, Brad Dourif, Karl Urban, Sean Bean, Ian Holm, Bruce Hopkins, Stephen Ure, Lawrence Makoare, Sarah McLeod, Paul Norell, Bruce Phillips, Joel Tobeck, Bret McKenzie, Peter Jackson, Bruce Spence, Thomas Robins, Marton Csokas, Sala Baker, Alan Howard, John Bach, Shane Rangi, Harry Sinclair, Ian Hughes, Andrew Lesnie Sjå dette på Wikidata
KlippJamie Selkirk Sjå dette på Wikidata
MusikkHoward Shore Sjå dette på Wikidata
SjeffotografAndrew Lesnie Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapNew Line Cinema, WingNut Films, The Saul Zaentz Company Sjå dette på Wikidata
DistributørInterCom, New Line Cinema, Netflix Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1. desember 2003,[1] 17. desember 2003 (Tyskland),[2] 25. desember 2003 (Venezuela), 18. desember 2003 (New Zealand),[3] 22. januar 2004 (Russland)[4][5]
Lengd200 minutt, 250 minutt, 263 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNew Zealand, USA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening1 156 598 523 US-dollar (verdsfemnande),[6] 379 427 292 US-dollar (USA)[7]
Sjangerfantasyfilm, dramafilm, actionfilm, romanfilmatisering Sjå dette på Wikidata

Handling endre

Frodo Lommelun (Elijah Wood) og Samvis Gamgod (Sean Astin) har no blitt ført heilt til grensa av landet Mordor ved hjelp av Gollum / Smýgol (Andy Serkis). Ringen blir stadig tyngre å bera for Frodo. Gollum fører dei til ei bratt trapp opp i fjella som skal ta dei inn i Mordor, men Samvis stoler mindre og mindre på at Gollum har ærlege hensikter.

Etter slaget ved Hjelmsdjupet rir Gandalv (Ian McKellen) og Pippin (Billy Boyd) til Minas Tirith i Gondor for å overtala forvaltaren av Gondor, Denethor (John Noble) til å ta i mot hjelp frå Rohan. Kong Théoden (Bernard Hill) samlar hærstyrkane sine for å dra til Minas Tirith. Elrond (Hugo Weaving) overleverer det omsmidde sverdet etter kong Isildur til Aragorn (Viggo Mortensen). Dette sverdet vart brukt til å skjera ringen av handa til Sauron i fortida. Aragorn har Isildur til stamfar og er hans rettmessige arving, og dermed arving til trona i Gondor. Saman med Legolas (Orlando Bloom) og Gimli (John Rhys-Davies) forlèt han hæren til Théoden og reiser til det heimsøkte fjellet Dwimmorberg. Det bryggjer opp til eit stort slag ved Minas Tirith mot styrkane til Sauron samtidig med at Frodo og Sam rykkjer lengre inn i fienden sitt territorium med ringen.

Rolleliste endre

Rolle Skodespelar
Frodo Lommelun Elijah Wood
Samvis Gamgod Sean Astin
Gollum / Smýgol Andy Serkis
Peregrin Tók Billy Boyd
Muntiadok Brennibukk Dominic Monaghan
Aragorn Viggo Mortensen
Arwen Liv Tyler
Elrond Hugo Weaving
Legolas Orlando Bloom
Gimli John Rhys-Davies
Treskjegg (stemme) John Rhys-Davies
Gandalv Ian McKellen
Théoden Bernard Hill
Éowyn Miranda Otto
Éomer Karl Urban
Boromir Sean Bean
Faramir David Wenham
Denethor John Noble
Galadriel Cate Blanchett
Celeborn Marton Csokas
Ian Holm Bilbo Lommelun

Kjelder endre

  1. Freebase Data Dumps, Google, Wikidata Q15241312 
  2. http://www.imdb.com/title/tt0167260/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 6. februar 2024; språk på verket: engelsk.
  3. https://www.imdb.com/title/tt0167260/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 16. april 2022; språk på verket: engelsk.
  4. http://www.imdb.com/title/tt0167260/releaseinfo; vitjingsdato: 6. februar 2024.
  5. https://www.comingsoon.it/film/il-signore-degli-anelli-il-ritorno-del-re/1032/scheda/; vitjingsdato: 6. februar 2024.
  6. https://www.boxofficemojo.com/title/tt0167260/; vitjingsdato: 25. mars 2024.
  7. https://www.boxofficemojo.com/title/tt0167260/; vitjingsdato: 15. februar 2024.