Opna hovudmenyen

Viggo Peter Mortensen (fødd 20. oktober 1958) er ein USA-amerikansk skodespelar, best kjend for filmrolla som helten Aragorn i trilogien basert på Ringenes herre. Mortensen har også prøvd seg som diktar, musikar, fotograf og målar.

Viggo Mortensen
Viggo Mortensen Cannes 2016.jpg
Fødd20. oktober 1958
FødestadManhattan
FødenamnViggo Peter Mortensen
Aktive år1984–
Verka somfilmskodespelar, skodespelar, fotograf, lyrikar, skribent, songar, komponist, musikar, kunstmålar, produsent, fjernsynsskodespelar, filmprodusent, jazzmusikar, filmregissør
EktefelleExene Cervenka
SambuarAriadna Gil
Prisarridder av Dannebrogordenen, Æres-Bodil, Screen Actors Guild Award, Satellite Awards

Mortensen er fødd i New York med dansk far, medan den amerikanske mora hans har norsk og kanadisk opphav. Han budde i Latin-Amerika, Danmark og USA då han voks opp, og snakkar dansk, engelsk og spansk flytande.

Mortensen ved BAFTA-prisutdelinga i 2008.

Priser og nominasjonerEndra

For rolla i Eastern Promises blei Viggo Mortensen nominert til både oscarprisen for beste mannlege skodespelar og Golden Globe for beste dramaskodespelar. Ved British Independent Film Awards i 2007 vann han prisen for beste skodespelar for filmen. Mortensen har også blitt nominert til fleire andre prisar.

FilmarEndra

(Utval)

  • 1987: Miami Vice (tv-serie 1 episode)
  • 1990: Texas Chainsaw Massacre 3 (film)
  • 1990: Young Guns II (film)
  • 1992: Boiling point (film)
  • 1993: American Yakuza (film)
  • 1993: Carlito's Way (film)
  • 1995: The Prophecy (film)
  • 1997: G.I. Jane (film)
  • 1998: Det perfekte mord (film)
  • 1998: Psycho (film)
  • 2000: 28 Days (film)
  • 2001: Ringenes herre: Ringens brorskap (film)
  • 2002: Ringenes herre: To tårn (film)
  • 2003: Ringenes herre: Atter en konge (film)
  • 2004: Hidalgo (film)
  • 2005: History of Violence (film)
  • 2007: Eastern Promises (film)
  • 2008: Appaloosa (film)

BakgrunnsstoffEndra

  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.