Ringenes herre: To tårn
Ringenes herre: To tårn (originaltittel: The Lord of the Rings: The Two Towers) er ein fantasy-spelefilm frå 2002 med regi av Peter Jackson. Filmen er basert på den andre boka i boktrilogien Ringdrotten av professor J.R.R. Tolkien. Filmen kom ut den 5. desember 2002 i USA. Han vart nominert til seks Oscar-prisar og vann i to kategoriar: beste lydredigering og beste visuelle effektar.[6] I 2003 kom den utvida versjonen av filmen ut på VHS og DVD. Heile filmen er spelt inn på New Zealand.[7]
Regi | Peter Jackson | ||
---|---|---|---|
Forfattar(ar) | Robert Shaye | ||
Produsent(ar) | Peter Jackson, Barrie M. Osborne, Fran Walsh | ||
Manus | Fran Walsh, Philippa Boyens, Stephen Sinclair, Peter Jackson | ||
Basert på | To tårn | ||
Medverkande | Ian McKellen, Sean Astin, Viggo Mortensen, Andy Serkis, Liv Tyler, Cate Blanchett, John Rhys-Davies, Orlando Bloom, Bernard Hill, Christopher Lee, Billy Boyd, Dominic Monaghan, Hugo Weaving, Miranda Otto, Karl Urban, David Wenham, Brad Dourif, Sean Bean, Craig Parker, Bruce Hopkins, John Noble, Elijah Wood, Stephen Ure, Calum Gittins, John Leigh, Nathaniel Lees, Robbie Magasiva, Peter Jackson, Sala Baker, John Bach, Bruce Allpress | ||
Klipp | Michael J. Horton | ||
Musikk | Howard Shore | ||
Sjeffotograf | Andrew Lesnie | ||
Produksjonsselskap | New Line Cinema, WingNut Films | ||
Distributør | New Line Cinema | ||
Utgjevingsdato | 5. desember 2002,[1] 18. desember 2002 (Tyskland),[2] 16. januar 2003 (Italia)[3] | ||
Lengd | 179 minutt, 223 minutt, 235 minutt | ||
Opphavsland | New Zealand, USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 938 210 343 US-dollar (verdsfemnande),[4] 345 518 923 US-dollar (USA)[5] | ||
Sjanger | fantasyfilm, actionfilm, dramafilm, romanfilmatisering |
Handling
endreHistoria følgjer Frodo Lommelun (Elijah Wood) og Samvis Gamgod (Sean Astin) som ber ringen stadig nærare landet Mordor for å øydeleggja han i Dommedagsberget. Dei vert forfylgde av den schizofrene skapningen Gollum, som også vert kalla Smýgol, men greier å overtala han til å visa dei raskaste og tryggaste vegen til Mordor utan at dei skal bli oppdaga.
Samtidig forfylgjer Aragorn (Viggo Mortensen), Legolas (Orlando Bloom) og Gimli (John Rhys-Davies) ei avdeling med orkar som har teke til fange hobbitane Pippin (Billy Boyd) og Munti (Dominic Monaghan). Desse orkane er avla fram av trollmannen Sarumann (Christopher Lee), som har svike Gandalv (Ian McKellen) og no kjempar saman med Sauron (Sala Baker) mot brorlaget og Saurons fiendar. Dei to tårna i tittelen refererer til trollmannstårnet hans Sarumann, Orthanc i Jarnagard, og festninga til den mørke herren Sauron (Sala Baker), Barad-dûr i Mordor. I landet Rohan kjempar folket mot orkane frå Jarnagard, men kongen i Rohan, Théoden (Bernard Hill), er gamal og sjuk og lèt tenaren sin, Grima Ormtunge (Brad Dourif) ta mange avgjerder for seg.
Rolleliste
endreRolle | Skodespelar |
---|---|
Frodo Lommelun | Elijah Wood |
Samvis Gamgod | Sean Astin |
Gollum / Smýgol | Andy Serkis |
Peregrin Tók | Billy Boyd |
Muntiadok Brennibukk | Dominic Monaghan |
Aragorn | Viggo Mortensen |
Arwen | Liv Tyler |
Elrond | Hugo Weaving |
Legolas | Orlando Bloom |
Gimli | John Rhys-Davies |
Treskjegg (stemme) | John Rhys-Davies |
Gandalv | Ian McKellen |
Sarumann | Christopher Lee |
Théoden | Bernard Hill |
Éowyn | Miranda Otto |
Éomer | Karl Urban |
Gríma Ormtunge | Brad Dourif |
Boromir | Sean Bean |
Faramir | David Wenham |
Kjelder
endre- ↑ Freebase Data Dumps, Google, Wikidata Q15241312
- ↑ http://www.imdb.com/title/tt0167261/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 14. april 2017; språk på verket: engelsk.
- ↑ https://www.comingsoon.it/film/il-signore-degli-anelli-le-due-torri/1031/scheda/; vitjingsdato: 6. februar 2024.
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/title/tt0167261/; vitjingsdato: 28. september 2024.
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/title/tt0167261/; vitjingsdato: 26. juni 2024.
- ↑ To tårn på The Internet Movie Database
- ↑ Engelsk Wikipedia om To tårn
- Filmen er brukt som kjelde for skildringa av handlinga.