Ringerikes Museum

(Omdirigert frå Ringerikes museum)

Ringerikes Museum er distriktsmuseum for Ringerike, som omfattar noverande Ringerike kommune og Hole kommune i Buskerud fylke. Museet ligg på Norderhov gamle prestegard i tidlegare Norderhov kommune, like sør for Hønefoss og tvers over den gamle hovudvegen som gjekk forbi Norderhov kyrkje.

Ringerikes Museum held til i Norderhov gamle prestegard

Museet held til i den gamle prestegarden på staden, og er mellom anna kjent for Moeminnet, minnesamlinga etter diktarpresten Jørgen Moe, Svenskestua, der Anna Colbjørnsdatter i følgje segna lurte svenskane under slaget på Norderhov i 1716, og Ikonsamlinga, som er ein av dei mest betydningsfulle i Noreg utanfor Nasjonalgalleriet og rommer ikonar attende til 1400-talet. Ikona, som er av russiske og søraust-europeisk opphav, vart i si tid donert museet av kunstnaren Hans Ødegaard (18761943) frå Sokna.

Saman med museet finn ein òg Buskerud fylkesfotoarkiv og Hjemmestyrkemuseet som syner Milorgs verksemd i distriktet under andre verdskrig. Fylkesfotoarkivet har sine kontor i 2. etasje, der ein òg finn utstillinga til Hjemmestyrkemuseet.

Stiftinga Ringerikes Museum eig bygningane og samlingane, medan Stiftinga Hringariki står for drifta av museet.

Bakgrunnsstoff endre