Ringkollen

ås i Ringerike kommune

Ringkollen er eit populært hytte- og friluftsområde som ligg på Krokskogen og høyrer til Ringerike kommune. Toppen av Ringkollen blir kalla Ringkolltoppen (702 moh.). Området Ringkollen er ikkje presist definert, men jamnast reknar ein med det kringliggande området frå Jaklefoss og inn til Øyangen. Ein kan nå Ringkollen med bil via ein bomveg. Vinterstid blir det òg sett opp rutebuss dit frå Hønefoss.

Vinter ved Ringkollen
Foto: Hans Olav Lien
Ringkollkapellet

Tidlegare var Ringkollen eit seterområde.

Ringkollen er populært både sommar og vinter. Sentralt ligg ein stor parkeringsplass og like ved ligg Ringkollstua, eit hoppanlegg (k5, 10, 17, 27 og 40), eit lite alpinanlegg og eit lite sportskapell. Om vinteren er Ringkollen eit populært utgangspunkt for skiturar inn i Nordmarka. Om sommaren er det eit populært utgangspunkt for fotturar og sykkelturar i det same området. Mange av småvatna har dessutan populære bade- og fiskeplassar. Sidan Ringkollen ligg forholdsvis høgt, har området stabile snøtilhøve om vinteren, og ein kan ofte stå på ski til i slutten av april månad.

Merk at Ringkollen ikkje er ein del av Krokskogen.

Kjelder endre

Sjå òg endre