Riple
Riple er ein gard i Fana i Bergen kommune. Garden ligg aust for Totlandsgardane ved enden av Totlandsvegen
Riple | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5226 NESTTUN | ||
Gardnummer | 59 | ||
Ferdselsårer | Totlandsvegen | ||
Riple 60°19′01″N 5°26′45″E / 60.31694412°N 5.44583321°E | |||
Wikimedia Commons: Riple, Bergen |
Namn
endreNamnet kjem truleg av det norrøne ripill som tyder «strimmel» eller «band» etter plasseringa på ei langstrekt høgd.
Historie
endreGarden låg i mellomalderen til Munkeliv kloster og vart etter reformasjonen krongods. I 1661 vart garden kjøpt av generaltollforvaltar Herman Garmann. I 1690 tok bøndene på garden sjølv over eigarskapen.
Her er framleis gardsdrift.
Geografi
endreGarden er langstrekt og strekkjer seg frå Ystafjellet (329 moh) i sør og nordover til toppen av Ulvursfjellet (677 moh). I vest ligg Totlandsfjellet (546 moh)
Garden grensar til Øvre og Nedre Totland i vest, Hedno i sørvest, Gimmeland i sør, Frotveit i aust og Bontveit i nordaust.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.