Hedno eller Henne er ein gard i Gimmelandsdalen i Fana i Bergen kommune. Garden ligg i åsen vest for dalføret til Austevollselva og nordaust for Kalandsvatnet.

Hedno
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 60

Namn endre

Namnet kjem truleg av det norrøne Hellnar som kjem av hellr, som tyder «stein».

Historie endre

Garden låg i mellomalderen til Munkeliv kloster og vart etter reformasjonen krongods. I 1661 vart garden kjøpt av generaltollforvaltar Herman Garmann. I 1708 tok bøndene på garden sjølv over eigarskapen.

Her er framleis gardsdrift.

Geografi endre

Garden ligg vest for Austevollselva og strekkjer seg vestover til Stignavatnet. I nord ligg Hedneåsen (310 moh) og i sør Vardafjellet (337 moh). Garden sjølv ligg om lag 210 moh.

Garden grensar til Fjellbirkeland i nordvest, Stigen i vest, Nedre Sandven i sørvest, Smådal i sør, Almeland i søraust, Gimmeland i aust og Nedre Totland og Riple i nord.

Kjelder endre