Gimmeland er ein gard i Fana i Bergen kommune ved Bontveitvegen i den lange dalen nordaust for Kalandsvatnet.

Gimmeland
stad
Gimmeland
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 61
Wikimedia Commons: Gimmeland

Det er framleis gardsdrift på garden.

Namn endre

Namnet kjem truleg av Gymbuland, og kan ha samanheng med eit elvenamn, Gymba, eller gumba, som tyder gomme, ein raudkokt ost av ferskmjølk.

Historie endre

Garden høyrte i slutten av mellomalderen til domkapitlet i Bergen, og låg frå 1617 til bispestolen. Sidan 1873 har garden vore i bondesjølveige.

Under den første verdskrigen vart det utnytta jernertsførekomstar her.

Geografi endre

Garden ligg i dalen som strekkjer seg nordaustover frå Kalandsvatnet og oppover mot Bontveit, mellom Solbakkafjellet (458 moh) i aust og Stignevatnet og Hedneåsen i vest.

Garden grensar til Hedno i vest, Riple i nord, Frotveit og Fjelltveit i nordaust, Haugland i aust og sør, og Almeland i sørvest.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gimmeland