Opna hovudmenyen
Rise Up Like the Sun
Studioalbum av The Albion Band
Utgjeve Mars 1978
Studio Olympic Studios
Sjanger Britisk folkrock
Lengd 52:20
Selskap Harvest
Produsent Joe Boyd, John Tams
The Albion Band-kronologi
The Prospect Before Us
(1977)
Rise Up Like the Sun Lark Rise to Candleford
(1980)


Rise Up Like The Sun er eit folkrockalbum gjeve ut i 1978 av The Albion Band. Albumet er dels eit samarbeid mellom John Tams på vokal og trekkspel og Ashley Hutchings på elektrisk bass. Hutchings henta òg in to tidlegare bandkollegaer frå Fairport Convention, Dave Mattacks på trommer og tamburin og Simon Nicol på vokal og elektrisk og akustisk gitar. I tillegg medverka ein annan tidlegare Fairport-medlem, Richard Thompson, med songar og korvokal. Dei hadde òg med seg Philip Pickett på ymse blåseinstrumet, Pete Bullock på synthesiser, piano, klarinett, saksofon og orgel, Michael Gregory på perkusjon, Ric Sanders på fiolin og Graeme Taylor på gitar. Kate McGarrigle, Julie Covington, Linda Thompson, Pat Donaldson, Martin Carthy, Andy Fairweather-Low og Dave Bristow gjesta på enkelte songar.

Albumet vart produsert av Tams og Joe Boyd med Vic Gamm som lydteknikar.

MottakingEndra

Meldingane for Rise Up Like the Sun var stort sett positive, men meiningane var delte om somme songar, som «The Gresford Disaster». For mange var høgdepunktet «Poor Old Horse», som byggjer seg opp frå ei enkel fele i løpet av seks minuttar til eit massivt kor med høge stemmer frå Kate McGarrigle, Julie Covington og Linda Thompson og støyande gitar. «Poor Old Horse» kom ut på singel i 1978, men selde dårleg.

I musikkmagasin har Rise Up Like the Sun stundom dukka opp blant dei beste engelske folkrockalbuma.

InnhaldEndra

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Ragged Heroes» (John Tams) 3:21
2. «Poor Old Horse»   6:18
3. «Afro Blue/Danse Royale»   4:52
4. «Ampleforth/Lay Me Low»   5:44
Side to
# Tittel Lengd
5. «Time To Ring Some Changes» (Richard Thompson) 2:52
6. «House in the Country» (Stewart) 3:07
7. «The Primrose»   3:20
8. «Gresford Disaster»   10:52
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Lengd
9. «The Postman's Knock»   2:39
10. «Pain and Paradise John Tams»   3:04
11. «Lay Me Low»   2:54
12. «Rainbow Over the Hill» (Richard Thompson) 3:2+

MedverkandeEndra

GjesteartistarEndra

KjelderEndra