Opna hovudmenyen

Andrew Fairweather Low (fødd 2. august 1948)[1] er ein walisisk gitarist, låtskrivar, produsent og vokalist. Han var med på å starte popbandet Amen Corner i 1960-åra,[1] og i nyare år har han turnert mykje med Roger Waters, Eric Clapton og Bill Wyman's Rhythm Kings.

Andy Fairweather Low
Andy Fairweather-Low, July 02 2006.jpg
Fødd2. august 1948 (71 år)
FødestadYstrad Mynach i Wales
OpphavStorbritannia
Aktiv1966 til i dag
SjangerRock, pop, bluesrock
Instrumentvokal, gitar, bass
Kjende instrumentFender Stratocaster
Tilknytte artistarAmen Corner, Fair Weather, Bill Wyman's Rhythm Kings, Andy Fairweather Low & the Lowriders, The Gaddabouts, Roger Waters, Eric Clapton
PlateselskapA&M
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent

Tidleg karriereEndra

Fairweather Low var fødd i Ystrad Mynach iWales.[2] Han vart først kjend som eit av medlemma som starta popgruppa Amen Corner seint i 1960-åra. Dei hadde fire hittar på rad i Storbritannia, mellom anna førsteplassen «(If Paradise Is) Half as Nice» i 1969.[3][4] Den brå suksessen og Fairweather Low sin utsjånad som tenåringsidol gjorde, som musikkjournalisten William Ruhlmann i Allmusic skreiv, «... at andletet hans vart klistra opp på romma til tenåringsjenter over heile Storbritannia».[1]

Bandet vart delt i to i 1970, og Fairweather Low leia Dennis Byron (trommer), Blue Weaver (orgel), Clive Taylor (bass) og Neil Jones (gitar) til eit nytt band, Fair Weather. Bandet fekk ein hit med «Natural Sinner» i juli 1970, med ein sjetteplass på singellista i Storbritannia, men dei to albuma til bandet, Beginning From An End og Let Your Mind Roll On, selde dårleg.[5] Etter eitt år slutta Fairweather Low for å starte ein solokarriere, og gav ut fire album fram til 1980 på A&M og Warner Bros.[1] På desse finn ein hitsinglar som «Reggae Tune» (1974), og «Wide Eyed and Legless», ein julehit i 1975.[5]

Seint i 1970-åra og 1980-åra arbeidde han for fleire artistar som studiomusikar, og song korvokal og spelte gitar på album av Roy Wood, Leo Sayer, Albion Band, Gerry Rafferty, Helen Watson[6] og Richard and Linda Thompson.

1978–99Endra

I 1978 song Fairweather Low korvokal på albumet Who Are You av The Who, på songane «New Song», «Had Enough», «Guitar and Pen», «Love is Coming Down» og «Who Are You». Etter å ha spelt gitar på øvingane for Who-albumet It's Hard i 1982, medan Pete Townshend var til rehabilitering, enda han opp med å spele på sjølve albumet, og spelte rytmegitar på songen «It's Your Turn». Fairweather Low spelte seinare på Townshend-albumet Psychoderelict i 1993 og den følgjande konsertturnéen.

I 1995 spelte Fairweather Low rytmegitar på Joe Satriani-albumet Joe Satriani i lag med Nathan East på bass og Manu Katché på trommer.[7]

Fairweather Low har arbeidd med Roger Waters sidan The Pros and Cons of Hitchhiking-turneen i Amerika i 1985. Han har medverka til to Waters-album - Radio KAOS i 1987 og Amused to Death i 1992. Han spelte gitar og bass på Roger Waters-konserten The Wall – Live in Berlin 21. juli 1990 og på verdsturneen In the Flesh-turnéen 1999–2002, og spelte på Waters sin Dark Side of the Moon Live verdsturne i 2006[1] og 2007, men hadde ikkje høve til å spele med han i 2008.

I 1992 byrja han å spele i lag med Eric Clapton. Fairweather Low hadde tidlegare spelt i bandet til Clapton på ein veldedigheitskonsert i 1983 for Ronnie Lane og medan han framleis spelte i studio for forskjellige folk, mellom anna Dave Edmunds, brukte Fairweather Low det meste av starten av 1990-åra som sidemann for Clapton. Han spelte òg på Unplugged-konsertane og på From the Cradle. Same året var han med på turneen til Linda Ronstadt og Emmylou Harris. I desember 1991 spelte han gitar på George Harrison sitt Live in Japan, i lag med resten av bandet til Clapton,[1] og i 2002 spelte han fleire sologitarparti på hyllestkonserten for Harrison, The Concert for George. I 2004 spelte han på Stratpack-konserten som feira 50-årsjubileet for Fender Stratocaster.

Sidan 2000Endra

 
Fairweather Low med Roger Waters i Ottawa; 6. juni 2007

Frå 1998 til 2002 spelte han med Roger WatersIn the Flesh-turnéen. I 2001 var Fairweather Low med Eric Clapton på verdsturneen hans og var med på albumet One More Car, One More Rider i 2002, i lag med Billy Preston, Steve Gadd, Nathan East og David Sancious.

I 2002 spelte Fairweather Low på From Clarksdale To Heaven – Remembering John Lee Hooker med mellom andre Jeff Beck, Gary Brooker, Jack Bruce og Peter Green.

I 2005 turnerte han mykje med Bill Wyman's Rhythm Kings.[1] I april 2005 spelte han med Gary Brooker Ensemble på ein konsert i Guildford-katedralen i Surrey, til støtte for tsunamioffera i 2004.

I 2006 turnerte Fairweather Low igjen med Roger Waters på The Dark Side Of The Moon Liveturneen, og med Bill Wyman's Rhythm Kings. Same året turnerte Fairweather Low med Chris Barber and the Big Chris Barber Band.

I 2006 gav Fairweather Low ut Sweet Soulful Music: det første soloalbumet hans på 26 år.

 
Andy Fairweather Low på scenen med Eric Clapton og Steve Winwood i Royal Albert Hall i London 27. mai 2011.

I 2007 heldt han fram å turnere med Roger Waters.

I 2009 spelte Fairweather Low i bandet til Eric Clapton for 11 konsertar i Royal Albert Hall i London og på Clapton-turneen det året. I 2011 gjentok Fairweather Low det same for Clapton for nye konsertar i Royal Albert Hall.[8]

I 2011 spelte Fairweather Low på Kate Bush-albumet 50 Words For Snow, og song korvokal på den einaste singelen frå albumet, «Wild Man».[9]

I april 2013 spelte han på Eric Clapton Guitar Festival Crossroads i New York.

DiskografiEndra

 
Andy Fairweather Low på scenen med Eric Clapton i Royal Albert Hall 23. mai 2009
  • Spider Jiving (1974)
  • La Booga Rooga (1975)
  • Be Bop 'N' Holla (1976)
  • Mega Shebang (1980)
  • Wide Eyed And Legless: The A&M Recordings (dei første tre albuma som dobbeltalbum) (2004)
  • Sweet Soulful Music (2006)
  • Best of Andy Fairweather Low – Low Rider (2008)
  • Live in Concert (DVD) 2008
  • Zone-O-Tone (2013)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Biography by William Ruhlmann». Allmusic.com. Henta 15. oktober 2009. 
  2. «WalesOnline – News – South Wales Valleys – Neath – Low and behold, Andy’s back». Walesonline.co.uk. 26 June 2008. Henta 11. september 2014. 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 21–22. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 124. ISBN 0-85112-250-7. 
  5. 5,0 5,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 192. ISBN 1-904994-10-5. 
  6. «Helen Watson : Artist Biography». Allmusic. Henta 1. september 2014. 
  7. «Joe Satriani». Review of Satriani's self-titled album from October, 1995. Rovi Corporation. 2013. Henta 11. september 2014. 
  8. «Albert Hall website». Royalalberthall.com. Henta 11. september 2014. 
  9. «Kate Bush Signs to ANTI-, Releasing «50 Words For Snow» 11/21». ANTI. Henta 11. september 2014. 

BakgrunnsstoffEndra