The Albion Band
The Albion Band, òg kjend som The Albion Country Band, The Albion Dance Band og The Albion Christmas Band, var eit britisk folkrockband, opphavleg sett saman og leia av musikaren Ashley Hutchings. Det vert generelt rekna som ei av dei viktigaste gruppene i sjangeren og medlemmane har anten vore eller hatt tilknyting til ein god del av dei engelske folkrockutøvarane gjennom den langvarige historia.
The Albion Band | |||
1983-utgåva av The Albion Band på ein utandørskonsert ved Holland House i London, sommaren 1983 | |||
Alias | The Albion Dance Band og The Albion Country Band | ||
---|---|---|---|
Opphav | England | ||
Aktiv | 1971–1973, 1976–2002, 2005–2008, 2011–2014 | ||
Sjanger | Folkrock, folk | ||
Tilknytte artistar | Fairport Convention Steeleye Span Home Service Etchingham Steam Band | ||
Tidlegare medlemmer | Sjå: Bandmedlemmar |
Den einaste som har vore i bandet heile vegen er bandleiaren Ashley Hutchings, som òg var med å skipe to andre særs viktige engelske folkrockgrupper, Fairport Convention og Steeleye Span, og har vore heim for dei fleste prosjekta hans i den lange og produktive karrieren hans. I 2011 let han sonen Blair Dunlop ta over leiinga i gruppa.
Historie
endreOpphav
endreHutchings skipa bandet i april 1971 for å akkompagnere den dåverande kona Shirley Collins på albumet No Roses. Dave Mattacks, Richard Thompson og Simon Nicol frå Fairport Convention, ved sidan av musikarar som Lal og Mike Waterson frå The Watersons og Maddy Prior, var av dei 25 oppførte musikarane.[1] På ein kort turné bestod kjernen i bandet mellom andre av Richard Thompson og den dåverande kona hans, Linda Thompson. Fleire medlemmer spelte med Hutchings til prosjektet Morris On (1972), inkludert John Kirkpatrick, Richard Thompson og Dave Mattacks, og alle namna deira vart skrivne på framsida av plateomslaget.
Første album (1973)
endreHutchings ønskte å gjere bandet permanent og det første forsøket inkluderte Royston Wood, Steve Ashley og Sue Draheim i besetninga, men mislukkast, og han rekrutterte eit anna band, med Martin Carthy, John Kirkpatrick, Sue Harris, Roger Swallow og Simon Nicol. Bandet vart oppløyst alt i august 1973, men dei gav sidan ut eit album, Battle of the Field på Island Records i 1976.[2] Anna materiale spelt inn av denne besetninga kom sidan ut på BBC Sessions (1998).
The Albion Dance Band
endreFrå 1974 til 1975 gav Hutchings opp Albion-namnet og fokuserte på å skipe Etchingham Steam Band med kona Shirley Collins. I 1976 sette han derimot i saman eit nytt Albion Band, denne gongen med mål om å spele inn tradisjonell dansemusikk. Besetninga var stor og ustabil og omfatta mellom andre Simon Nicol, Graeme Taylor frå Gryphon, Phil Pickett og John Sothcott, felespelaren Ric Sanders, og vokalisten John Tams. Resultatet var eit livleg album basert på tradisjonell musikk, The Prospect Before Us, under namnet The Albion Dance Band. I 1978 forkorta dei namnet til The Albion Band og under rettleiinga til Tams gav dei ut det som vert rekna som det beste albumet deira, Rise Up Like the Sun (1978).[3]
Show
endreBandet tok del i eit TV-show i 1977, Here We Come A-Wasseling og i 1978-1979 samarbeiddedei med skodespelforfattaren Keith Dewhurst om ei teaterutgåve av Flora Thompson sitt Lark Rise to Candleford. Songar frå prosjektet vart gjeven ut på eit album i 1980.[4] Bandet var på denne tida på sitt mest populære og fekk sin eigen BBC-dokumentar i serien Arena.[5] Medan Hutchings var meir interessert i å fortsette med teaterarbeidet, ønskte andre i bandet å turnere og gå i studio, så denne besetninga vart oppløyst. Tams, Taylor og Gregory danna så kjernen i Home Service.[6] Konsertoptak frå denne tida er gjevne ut på Songs from the Shows (1997 og 1999) ogo The Guvnor, Vols 1-4 (1996–2004).
Nye utgåver (1980-90)
endreHutchings starta opp att bandet kring kjernen av dei tidlegare Fairport Convention-medlemmane Nicol og Mattacks. Han la til tre medlemmar frå Cock and Bull (Dave Whetstone, Jean-Pierre Rasle og John Maxwell) og dei tok med seg vokalisten Cathy Lesurf frå Oyster Band.[7] Eit album frå denne relativt stabile perioden var Light Shining (1983), der dei fleste songane var originale. Men ryktet til albumet har sidan blitt skjemd av skuldingar om at Hutchings plagierte ein av dei mest kjende songane, «Wolfe» frå «Northwest Passage» av den kanadiske visesongaren Stan Rogers.[8] Shuffle Off (1983) følgde, før Nicol og Mattacks slutta for å starte opp att Fairport Convention. Phil Beer på gitar, fele og vokal, og Trevor Foster på trommer kom så med i bandet, og Under the Rose (1984), A Christmas Present from The Albion Band (1985) og The Wild Side of Town (1987) følgde. Sistnemnde var basert på ein fem episodar lang BBC-serie presentert av Chris Baines. Martin Bell kom med på fiolin før utgjevinga av Stella Maris i (1987). Martin Bell og Cathy Lesurf slutta så og gruppa fekk inn Simon Care og John Shepherd. Dette var den mest stabile besetninga i bandhistoria når det kom til album, sidan dei spelte inn tre: I Got New Shoes (1988), Give Me a Saddle and I'll Trade you a Car (1989) og 1990 (1990).
Akustisk tid (1990-7)
endreI 1990 fekk dei med seg visesongaren Julie Matthews, men dei spelte ikkje inn nokre album før ho slutta i 1993. Somme innspelingar frå denne besetninga kom ut som Captured i 1995. Trevor Foster og Phil Beer slutta og vart mellombels erstatta av den virtuose, akustiske gitaristen Keith Hinchliffe som tok fokusert bort frå elektriske instrument. I 1993 valde Hutchings å følgje denne trenden med å gjere bandet om til elit lite fire mann stort ensemble som bestod av han sjølv, erstattaren til Julie Matthews Chris While, den originale medlemmen Simon Nicol, og Ashley Reed på fiolin. Dette gjorde at dei kunne spele i små viseklubbar, pubar og college og gav bandet ei heilt ny retning. Det første albumet frå denne perioden, Acousticity (1993) hadde ei meir livleg og moderne kjensle. I 1995 slutta Reed og Matthews kom attende. Dette førte til albumet Albion Heart (1995). Dei brukte ikkje tradisjonelle folkeinstrument på albumet, men etter ei kort stund fekk dei med seg fiolinisten og mandolinisten Chris Leslie for den siste innspelinga i denne perioden, Demi Paradise (1996), før Leslie slutta og vart med i Fairport Convention og While og Matthews gjekk sine eigne vegar.[9] Konsertalbum frå denne tida var Acousticity on Tour (2004) og Albion Heart on Tour (2004).
Fleire generasjonar (1997-2002)
endreDen siste fasen av bandet var ei vending attende til eit meir tradisjonelt rockeformat og bestod av to generasjonar musikarar. Hutchings fekk med seg Ken Nicol og Joe Broughton på fele og Neil Marshall på trommer. Kvinnelege vokalistar på denne tida var Kellie While og Gillie Nicholls, som gjesta på det første studioalbumet i denne tida, Happy Accident (1998). Gillie Nicolls var eit fulltidsmedlem av bandnet på den andre plata Before Us Stands Yesterday (1999), men vart så erstatta av Kellie While for innspelinga av The Christmas Album seinare det året og for Road Movies (2001), det siste studioprosjektet deira. Ken Nicol slutta og vart erstatta av Pete Zorn, men det vart stadig vanskeleg å finne spelestader med den rette storleiken og i 2002 valde dei å leggje ned bandet.[10]
Albion Christmas
endreMedan Hutchings fortsette med andre prosjekt, starta han opp att Albion Band i eit akustisk format for ein juleturné i 2005, der dei kunne spele på mindre stader. Besetinga var basert på Simon Nicol, Kellie While og multi-instrumentalisten Simon Care.[11] Resultatet har vore tre julealbum: An Albion Christmas (2005), Winter Songs (2006) og Snow on Snow (2008). Eit fjerde album, Traditional (2009), er ei samling av songar frå dei føregåande tre.
The Albion Band sameina att
endreI juli 2011 annonserte Hutchings at The Albion Band skulle sameinast att, og for første gongen var han ikkje sjølv medlem. I staden let han stafettpinnen over til sonen, gitaristen og songaren Blair Dunlop. Denne nye besetninga bestod av fleire andre dåverande visemusikarar, som Katriona Gilmore (Tiny Tin Lady, Gilmore/Roberts) på fele og vokal, vokalisten, concertinaspelaren og gitaristen Gavin Davenport (Crucible, Glorystrokes, Hekety), trommeslagaren Tom Wright (Eliza Carthy/Glorystrokes) og Tim Yates (Blackbeard's Tea Party/The QP) på bass og sologitaristen Benjamin Trott. Dene besetninga gav ut EP-en Fighting Room i 2011 og det første studioalbumet deira Vice of the People kom i 2012.
I 2014 vart bandet oppløyst.
Bandmedlemmar
endreTidlgare bandmedlemmar har vore:
- Steve Ashley - munnspel, fløyte, vokal (1972)
- Francis Baines - lirekasse (1971)
- Phil Beer - vokal, gitar, mandolin, fiolin (1984–1991)
- Martin Bell - vokal, fiolin, synthesizer (1986–1987)
- Dave Bland - concertina (1971)
- Joe Broughton - fiolin (1997-2002)
- Pete Bullock - piano, synthesizer, saksofon, klarinett (1977–1981)
- Bill Caddick - vokal, triangel (1979–1981, død 2018)
- Simon Care - concertina, melodeon (1988–1992)
- Martin Carthy - vokal, gitar (1973, 1979–1980)
- Alan Cave - fagott (1971)
- Dolly Collins - piano (1971; død 1995)
- Shirley Collins - vokal (1971, 1976–1977, 1979–1980)
- Lol Coxhill - saksofon (1971; død 2012)
- Trevor Crozier - munnharpe (1971)
- Sue Draheim - fiolin (1972; død 2013)
- Barry Dransfield - fiolin, dulcimer, vokal (1971, 1979)
- Howard Evans - trompet (1978–1981; død 2006)
- Trevor Foster - trommer (1983–1991)
- Michael Gregory - trommer (1976–1981)
- Tony Hall - melodeon (1971)
- Sue Harris - obo, hammerdulcimer, vokal (1973)
- Melanie Harrold - fløyte orgel, gitar, vokal (1979)
- Keith Hinchcliffe - gitar (1992)
- Eric Hine - klaverinstrument (1987)
- Ashley Hutchings - bassgitar, vokal (1971–2002)
- Nic Jones - fiolin (1971)
- John Kirkpatrick - vokal, concertina, melodeon, trekkspel (1971, 1973, 1980)
- Chris Leslie - vokal, fiolin (1995–1996)
- Cathy Lesurf - vokal (1982–1988)
- Alan Lumsden - ophicleide (1971)
- Neil Marshall - trommer (1998–2002)
- Dave Mattacks - trommer, klaverinstrument (1971–1972, 1976–1978, 1979, 1983)
- Julie Matthews - vokal, klaverinstrument, gitar (1991–1992, 1995-1997)
- John Maxwell - vokal, trommer, perkusjon (1982–1983; død 2001)
- Steve Migden - valthorn (1971)
- Doug Morter - gitar, vokal (1979–1980, 1984–1985)
- Gillie Nicholls - vokal, gitar (1998–1999)
- Ken Nicol - vokal, gitar (1998–2002)
- Simon Nicol - vokal, gitar (1971–1978, 1982-1983, 1993–1996)
- Philip Pickett - blokkfløyte, shawms, kromhorn, sekkepipe (1976–1979)
- Roger Powell - trommer (1971)
- Maddy Prior - vokal (1971)
- Brian Protheroe - klaverinstrument, vokal (1979–1981)
- Jean-Pierre Rasle - blokkfløyte, kromhorn, sekkepipe (1982–1983)
- Ashley Reed - fiolin, vokal (1993–1994)
- Tim Renwick - gitar (1971)
- Andy Roberts - elektrisk gitar, vokal (1979)
- John Rodd - concertina (1976–1977)
- Colin Ross - northumbrisk sekkepipe (1971)
- Ric Sanders - fiolin (1977–1979)
- Steve Saunders - trombone (1980)
- John Shepherd - klaverinstrument (1988–1990)
- Martin Simpson - banjo, gitar, vokal (1979-1980)
- John Sothcott - vielle, kromhorn, citole (1976–1977)
- Roger Swallow - trommer (1972–1973)
- John Tams - vokal, melodeon (1976–1981)
- Graeme Taylor - gitar (1976–1981)
- Linda Thompson - vokal (1972)
- Richard Thompson - gitar (1971, 1972)
- Eddie Upton - vokal, kall (1976–1977)
- John Watcham - concertina (1972, med The Albion Morris Men)
- Lal Waterson - vokal (1971; død 1998)
- Mike Waterson - vokal (1971; død 2011)
- Dave Whetstone - vokal, concertina, melodeon, gitar (1982–1983)
- Chris While - vokal, gitar (1993–1997)
- Kellie While - vokal, gitar (1999–2002)
- Ian Whiteman - piano (1971)
- Royston Wood - vokal, perkusjon (1971, 1972; død 1990)
- Pete Zorn - saksofon, vokal (2002; død 2016)
Diskografi
endreSinglar
endre- «Hopping Down in Kent» (1976)
- «The Postman's Knock» med «La Sexte Estampie Real» (1977)
- «Poor Old Horse» med «Ragged Heroes» (1978)
- «Pain and Paradise» med «Lay Me Low» (1979)
- «Wings» (1998)
Album
endre- Som The Albion Country Band
- No Roses (Pegasus, 1971) med Shirley Collins
- Battle of the Field (Harvest, 1976)
- Som The Albion Dance Band
- The Prospect Before Us (Harvest, 1977)
- Shuffle Off (Spindrift, 1983)
- I Got New Shoes (Spindrift, 1988)
- Dancing Days Are Here Again (Talking Elephant, 2007)
- Rockin' Barn Dance (Talking Elephant, 2009)
- Som The Albion Band
- Rise Up Like the Sun (Harvest, 1978)
- Lark Rise to Candleford (Charisma, 1980)
- Light Shining (Albino, 1983)
- Under The Rose (Spindrift, 1984)
- A Christmas Present from the Albion Band (Fun/Tracer, 1985)
- Stella Maris (Making Waves, 1987)
- The Wild Side of Town (Celtic Music, 1987) - med Chris Baines
- Give Me A Saddle, I'll Trade You A Car (Topic, 1989)
- 1990 (Topic, 1990)
- Songs from the Shows, v. 1 (Albino, 1990)
- Songs from the Shows, v. 2 (Albino, 1991)
- Live in Concert (BBC, 1993)
- Acousticity (HTD/Transatlantic, 1993)
- Captured (HTD, 1995)
- Albion Heart (Making Waves, 1995)
- Demi Paradise (HTD, 1996)
- Live At The Cambridge Folk Festival (BBC/Strange Fruit, 1996)
- The Acoustic Years: 1993-1997 (Castle, 1997)
- Songs From The Shows (Road Goes On Forever, 1997)
- Happy Accident (HTD/Transatlantic, 1998)
- The BBC Sessions (BBC/Strange Fruit, 1998)
- Along The Pilgrim's Way (Mooncrest, 1998)
- The Best of 89/90 (HTD 1998)
- Albion Sunrise—HTD Recordings: 1994-1999 (HTD, 1999)
- Albion Heart (HTD 1999)
- Before Us Stands Yesterday (HTD, 1999)
- Christmas Album (HTD, 1999)
- The HTD Years (HTD, 2000)
- Road Movies (Topic, 2001)
- An Evening with The Albion Band (Talking Elephant, 2002)
- No Surrender (Snapper Music, 2003)
- Acousticity on Tour (Talking Elephant, 2004)
- Albion Heart on Tour (Talking Elephant, 2004)
- Albion Sunrise - HTD Recordings: 1994-1999 (HTD, 2004)
- The Albion Band Live in Concert (Talking Elephant, 2007)
- Vintage Albion Band (Talking Elephant, 2007)
- Vintage II On The Road 1972-1980 (Talking Elephant, 2010)
- Another Christmas Present (Talking Elephant, 2010)
- Fighting Room (own label, 2011)
- Vice of the People (Powered Flight Music, 2012)
- Som The Albion Christmas Band (Ashley Hutchings, Simon Nicol, Simon Care, Kellie While)
- An Albion Christmas (Talking Elephant, 2003)
- Winter Songs (Talking Elephant, 2006)
- Snow On Snow (Talking Elephant, 2008)
- Traditional (Talking Elephant, 2009) compilation of tracks from the previous three albums, excluding spoken word recordings
- A Sound In The Frosty Air (Rooksmere Records, 2011)
- One For The Road (Rooksmere Records, 2014)
- Magic Touch (Talking Elephant, 2016)
- Andre namn
- Yuletracks (1986)
- Ridgeriders (1999) med alle bandmedlemmane på omslaget, i tillegg til with The Albion Band and Julie Matthews
DVD-ar
endre- In Search of English Folk Song (1997 BBC-film regissert av Ken Russell) med Fairport Convention, Donovan, Osibisa, Eliza Carthy, The Albion Band, Waterson–Carthy og Edward II.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Albion Band» frå Wikipedia på engelsk, den 20. april 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Shirley Collins and The Albion Country Band: No Roses». Reinhard Zierke. 5. april 2014. Henta 20. april 2019.
- ↑ P. Humphries, Meet on the Ledge, Fairport Convention, the Classic Years, (Virgin, 2nd edn 1997), p. 126.
- ↑ M. Brocken, The British Folk Revival, 1944-2002 (Ashgate, 2003), s. 104.
- ↑ «RGF / Road Goes on Forever Records - The Albion Band». Rgfrecords.demon.co.uk. Arkivert frå originalen 20. april 2019. Henta 20. april 2019.
- ↑ [1] Arkivert 1. desember 2011 ved Wayback Machine.
- ↑ Sleeve notes from 1997 edition of Home Service, All Right Jack (Fledg'ling, 1997).
- ↑ P. Humphries, Meet on the Ledge, Fairport Convention, the Classic Years, (Virgin, 2nd edn 1997), s. 142.
- ↑ Garnet Rogers, Night Drive: Travels with My Brother (Brampton, ON: Tickle Shore Publishing, 2016), s. 400-401
- ↑ [2] Arkivert 19. desember 2011 ved Wayback Machine.
- ↑ [3] Arkivert 31. mars 2008 ved Wayback Machine.
- ↑ «The Albion Christmas Band Santa's Grotto». Thealbionchristmasband.googlepages.com. Arkivert frå originalen 9. mars 2009. Henta 20. april 2019.
- ↑ «Folk Icons Albion Page». Arkivert frå originalen 31. mars 2008. Henta 20. april 2019.
- ↑ «Kellie While Official site». Henta 20. april 2019.
- ↑ «List Of Albion Band Members». Arkivert frå originalen 18. januar 2021. Henta 20. april 2019.