Rivaldo
Rivaldo Vítor Borba Ferreira, mest kjend som Rivaldo (fødd 19. april 1972) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar som i 2002 vart verdsmeister med Brasil sitt landslag, fire år tidlegare vann han VM-sølv i Frankrike.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Rivaldo Vítor Borba Ferreira | ||
Kallenamn | Rivaldo | ||
Fødd | 19. april 1972 (52 år) | ||
Fødestad | Paulista i Brasil | ||
Høgd | 187 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1989-1991 1991-1992 1992-1994 1994-1996 1996-1997 1997-2002 2002-2004 2004 2004-2007 2007-2008 2008-2010 2011- |
Paulista FC Santa Cruz Mogi Mirim Palmeiras La Coruña FC Barcelona AC Milan Cruzeiro Olympiakos AEK Athen 25px FC Bunyodkor Mogi Mirim |
? (?) 0 (0) 30 (10) 104 (53) 46 (22) 235 (130) 35 (7) 2 (1) 87 (39) 31 (9) 53 (33) 0 (0) | |
Landslag | |||
1992-1993 1993-2003 |
Brasil U20 Brasil |
9 (1) 74 (34) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Karriere
endreRivaldo hadde ein fattig oppvekst i delstaten Pernambuco i det vestlege Brasil. Han vart med i sin fyrste fotballklubb, Paulista i 1989. To år seinare fekk han spela for Santa Cruz eit år før han gjekk over til Mogi Mirim. Fram til 1996 spelte han for fleire klubbar i heimlandet, men i 1996 debuterte han for internasjonal fotball då han vart overført til spanske Deportivo de La Coruña. Rivaldo vart teken inn på det brasilianske U20-landslaget i 1992, og kom med på A-landslaget året etter.
Rivaldo var med på den brasilianske fotballtroppen i Sommar-OL 1996 i Atlanta, då Brasil vann bronse. Diverre vart Rivaldo utestengd frå landslaget ei tid etter dette, truleg fordi han fekk skulda for at Brasil tapte semifinalen mot Nigeria. Han vart teken inn att på landslaget til Fotball-VM 1998, då han skåra tre mål.
Klubben Rivaldo har spelt flest kampar for er FC Barcelona, som han gjekk over til frå Deportivo de La Coruña. Han spelte 235 kampar for klubben frå 1997 - 2002, og skåra heile 130 mål. I 2002 skåra Rivaldo til saman fem mål for Brasil i Fotball-VM 2002, då Brasil vart verdsmeistrar.
Rivaldo har ikkje spelt for landslaget sidan 2003. Etter det har han spelt for klubbar i Italia, Brasil, Hellas og Usbekistan før han vendte tilbake til heimlandet i 2011 for å spela for Mogi Mirim att.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rivaldo» frå Wikipedia på engelsk, den 27. april 2011.