Rive (norrønt hrífa),[1] eller rake – mest i bymål og engelsk,[2] er ein jordbruksreiskap som blir bruka til mange forskjellige arbeidsoperasjonar. Ho kan mellom anna brukast til å breia nyslege gras for at det skal tørka snøggare, raka saman halvtørt gras i såter for at det skal trekkja til seg mindre dogg om natta, raka saman tørrhøy i vålar når det skal køyrast inn, osb. River blir òg bruka for å raka unna gras som ligg på marka attmed hesjene, slik at det ikkje rotnar eller myglar.

Breiing av gras med rive i Bygland ein gong på 1800-talet.

River har eit langt skaft på opp mot 2 m, med eit ca. 75 cm langt tverrtre, kalla «hovudet», på ender. Hovudet er litt krumt og det sit ei rad med 10 til 15 tindar i det. Tidlegare var alle delane av river laga av tre. Det er viktig at tindane er laga av ein tresort som er seig og hadde høg brotstyrke. Fleire tresortar, som tindved, ask, bjørk, einer, hassel har vorte nytta.[3] Furuset har målt og samanlikna bøyefastheita til tindved, hegg, bjørk og einer. Han fann at tindved skilde seg ut som det sterkaste av tresortane han samanlikna med, men hegg og bjørk kom òg bra ut. Under bruk hendte det at ein braut av ein eller fleire tindar. Ein laut då sett i nye; det kalla ein å «tinda» riva. På alle gardar laut ein ha eit høveleg laget av tindeemne og/eller ferdige tindar. Ein nytta ofte mørke vinterkveldar til å laga tindar og vøle river og anna reiskap. På moderne river er som oftast hovudet og tindane laga av plast, medan skaftet er av tre. Plasttindar er meir robuste enn tretindar, men dei kan ikkje byttast ut om dei vert brotne av.

På sokalla «jarnriver» er hovudet og tindane laga av stål, medan skaftet kan vera av tre eller aluminium. Slike river blir nytta for å spreia grus på mindre vegar, jamna ut jord i hagar og parkar, osb.

Som namnet røpar blir «lauvriver» nytta for å raka sama lauv med. Dei har ofte eit vifteforma hovud av plast.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «rive» i Nynorskordboka.
  2. «Rive eller rake?». Språkrådet. Henta 8. februar 2023. 
  3. K. Furuset, Tindved Hippophae rhamnoides som emnetre for rivetinder, Blyttia - Norgen botaniske annaler, 67(3), 2009, ss. 179-182.