Avon i Warwickshire
- Denne artikkelen handlar om elva Avon i Warwickshire i England. For andre stader og elver med same namn, sjå Avon.
Avon er ei elv som renn gjennom eller er grenseelv til Gloucestershire, Leicestershire, Northamptonshire, Warwickshire, Worcestershire i Midlands i England. Ho er òg kjent som Upper Avon, Warwickshire Avon (etter grevskapet ho har hovuddelen av løpet sitt i) eller Shakespeares Avon (fordi ho renn gjennom Stratford-upon-Avon der Shakespeare vart fødd. Namnet er ei anglifisering av det walisiske afon, som tyder «elv». Avon er 137 kilometer lang, med eit nedbørfelt på 2 670 km².
Avon | |||
elv | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Lengd | 137 km | ||
Kjelde | Naseby i Northamptonshire | ||
Munning | Severn i Tewkesbury 51°59′49″N 2°09′25″W / 51.997°N 2.157°W | ||
Avon i Warwickshire 52°23′50″N 0°59′26″W / 52.3972°N 0.9906°W | |||
Wikimedia Commons: River Avon, Warwickshire |
Elveløpet
endreAvon har utspringet sitt nær Naseby i Northamptonshire. Dei første kilometrane, frå Welford til Dow Bridge ved Watling Street, er ho grenseelv mellom Northamptonshire og Leicestershire. Ho har på denne strekninga vorte demd opp i Stanford-reservoaret.
Elva renn så vidare meir eller mindre i vest-sørvestleg retning, rett nord for Cotswold Edge og gjennom Vale of Evesham. Ho passerer Welford, Rugby, Wolston, Leamington Spa, Warwick, Stratford-upon-Avon, Welford-on-Avon, Bidford-on-Avon, Evesham og Pershore. Avon renn så ut i Severn ved Tewkesbury.
Sideelvane til Avon er mellom andre Leam, Stour, Dene, Arrow, Swift, Alne, Isonbourn, Sherbourne og Swilgate, og dessutan ei rekkje mindre bekker.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Avon (Warwickshire)» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2011.