Warwick (utt. /ˈwɒɹɪk/) er administrasjonsbyen i Warwickshire i England. Han er òg administrasjonssenter for distriktet Warwick. Byen ligg ved elva Avon, omkring 18 km sør for Coventry.

Warwick

Utsyn over Warwick
Utsyn over Warwick
Utsyn over Warwick
Plassering
Warwick is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Warwickshire
Distrikt Warwick
Grunnlagd 914
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

23 350
Koordinatar 52°17′N 1°35′W / 52.283°N 1.583°W / 52.283; -1.583
Diverse annan informasjon
Postnummer CV34 CV35
Telefon-retningsnummer 0 1926
Commons har multimedium som gjeld: Warwick

Byen er mest kjend for Warwick Castle, eit slott som vart grunnlagt i 1068. Slottet er godt verna, og trekkjer mange turistar. Sentrum i byen har òg verna mykje av den historiske arkitekturen sin, med bygningar frå Tudortida og det 1600-talet.

Warwick School er ein privatskule for gutar som hevdar å vere den tredje eldste skulen i England som er i drift. Grunnleggingsåret er ukjent, men 914 blir nemnt som eit høve. Det som er sikkert er at det alt var ein skule der før normannarane invaderte i 1066. Han låg då ein annan stad; den noverande skulebygningen er frå 1879.

Byen er òg kjend for Warwick Racecourse, ein veddeløpsbane som ligg rett utanfor vestporten.

Historie endre

 
Warwick Castle sett frå tårnet på soknekyrkja

Ifølgje tradisjonen vart Warwick grunnlagd i 914Ethelfleda, systera til kong Edvard den eldre, sette opp forsvarsverk mot danene der. I 1016 invaderte danene Mercia og brann ned det meste av Warwick, inkludert eit nonnekloster som stod der St. Nicholas kyrkje står i dag.

På grunn av festningsverka vart Warwick raskt eit viktig administrativt senter for Mercia. På 1000-talet vart England delt inn i administrative område, shires, og det området som vart styrt frå Warwick fekk namnet Warwickshire. Då Domesday Book vart skriven ned i 1086 var byen ein royal borough.

Seinare i mellomalderen vart Warwick kontrollert av jarlen av Warwick, og fekk ein bymur. Av denne er det berre vest- og austporten som er verna. På trass av at staden var eit administrasjonssenter og hadde bymur var det først i 1545 at Warwick fekk bystatus.

Under den engelske borgarkrigen kontrollerte parlamentarianarane byen. Sir Edward Payto leia garnisonen der under ei to veker lang kringsetjing, og klarte å halde kontroll over byen. Seinare oversyn viser at det 1644 til 1646 var ein garnison på omkring 350 menn der, under oberst Purefoy og major John Bridges.

I 1694 vart store delar av byen øydelagt av brann, og det er på grunn av dette at ein finn mange bygningar frå siste delen 1600-talet og første delen av det 1700-talet. Brannen øydela òg det meste av den store soknekyrkja St. Mary, men både koret og Beauchamp-kapellet overlevde. Sistnemnde har namn etter Richard dei Beauchamp, 13. jarl av Warwick, som er gravlagd der.

Kommunikasjon endre

Warwick ligg nær M40 og hovudvegen A46. Byen har òg gode jernbanesamband, med direkte linjer til London, Birmingham og Stratford-upon-Avon med Chiltern Railways og Central Trains frå Warwick stasjon og Warwick Parkway stasjon.

Grand Union-kanalen renn gjennom byen.

Kultur endre

J.R.R. Tolkien ser ut til å ha vorte påverka av Warwick og rolla byen har spela i kongedømet Mercia. Han kjende byen godt, og gifta seg der. The Book of Lost Tales, som vart påbyrja i 1917, grunngjev at byen har eit alvisk opphav, og gjev staden namnet Kôrtirion (Kôr svarar til gamalengelsk Gwar/war, som er første lekken i namnet Warwick). Tårnet midt i byen skulle dermed og ha alvisk opphav.

Lynn Forest-Hill presenterte i Timest Literary Supplement overtydande argument for at to viktige stader i bøkene hans var basert på Warwick: Edoras på den eldre, angelsaksiske byen og Minas Tirith på den normanniske byen med slottet. Med utgangspunkt i The lost tales finn ein og argument for at alvebyen Tirion har inspirasjonen sin herifrå.

Det er òg aspekt i handlinga i Ringdrotten som har parallellar i romansen Guy of Warwick.

Det historiske sentrumet i byen har vore bakgrunn i ei rekkje TV-seriar, som Dangerfield, Pride and Prejudice, fjernsynsserien Tom Jones og Moll Flanders.

Kjelder endre