Robert Emmijan (fødd 16. februar 1965) er ein armensk tidlegare lengdehoppar, fødd i Leninakan i Armenske SSR i Sovjetunionen, som representerte Sovjetunionen og, frå 1992, Armenia. Han vart europameister i lengdehopp under EM 1986 i Stuttgart, og tok VM-sølv i 1987. Emmijan er eigar (2014) av europarekorden på 8,86 m.

Robert Emmijan


Verkeleg namn armensk Ռոբերտ Էմմիյան
Statsborgarskap Sovjetunionen, Armenia
Fødd 16. februar 1965 (59 år)
Gjumri
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Aktiv endre

Vinteren 1986 vann Emmijan lengdehopp-tevlinga i innandørs-EM i Madrid med 8,32 m. Gjennom sommarsesongen 1986 viste han ved fleire høve at han var den beste lengdehopparen i Europa. Den 6. juli sette han europarekord med 8,61 meter i eit stemne i Moskva. Han vann så gullmedaljen under friidretts-EM i Stuttgart på ny meisterskapsrekord; 8,41 m.

I 1987 tok Emmijan sølvmedaljen i verdsmeisterskapen i Roma etter eit hopp som målte 8,53 m, Carl Lewis frå USA vann gull med 8,67 m, medan hans landsmann Larry Myricks fekk bronse med 8,33 m. Tidlegare i sesongen, 22. mai 1987, hadde Emmijan hoppa heile 8,86 m på høgfjellsbana Tsachkadzor i Armenia, berre fire cm kortare enn den då 19 år gamle verdsrekorden til Bob Beamon. Resultatet er framleis europarekord i 2014.

Under sommar-OL 1988 i Seoul skada Emmijan seg i kvalifiseringa. Nokre månader seinare vart heimen hans i Gjumri lagd i ruinar under jordskjelvet i Spitak 1988. Far hans omkom i jordskjelvet. Hendinga kom til å prege Emmijan i åra etter, og han nådde aldri sidan ein finale i dei store meisterskapane.

Etter at Sovjetunionen vart oppløyst konkurrerte Emmijan frå 1992 for Armenia, mellom anna i VM i Göteborg. Han slutta konkurrere i 1997.

Emmijan bur i Frankrike.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre